17. september 2018

Ingrid Pullover

Endeleg! Fjorårets julegåve til systera mi er ferdig! Ho fekk eit "seikvaegskalstrikketildeggåvekort" i julegåve, og då ønske ho seg denne genseren. Den heiter Ingrid Pullover og oppskrifta er å få kjøpt på Ravelry.
Eg strikka str M (det er fjortenåringen min som står modell her), så eg håper genseren kjem til å passe. Vrangbordene er strikka på pinnar nummer 3,5, resten på pinnar nummer fire.
Fargane er ein blåkopi av Iilalu sin versjon, som også ligg på Ravelry.  Garnet heiter Swans Island All American Sport, som er laga av 100 prosent ull. Botnfargen heiter Cloud, det oransje heiter Poppy. Den lilla heiter Crocus, det kvite Ecru og den gråblå heiter Storm. 
Snedig løysing på brotet: halve genseren har vrangbord, den andre halvparten har rillestrikk.
Halsen blei litt vid, så den er stramma inn med ein omgang fastmaskar.
Garnet er litt melert, noko som gir ein fin ekkekt.


8. september 2018

Ut mot havet-genser

Eg valde litt andre fargar (for å seie det mildt) enn det Dorthe Skappel har gjort i denne Ut mot havet-genseren. Oppskrifta er gratis og du finn henne her.
Hovudfargen er ein tråd mini alpakka frå Sandnes (farge nr 4554) og ein tråd Suri Alpakka frå Sandnes (farge nr 4545). Det grå er ein tråd mini alpakka og ein tråd Suri. Det grøne og det gule er ein tråd Royal Alpakka frå Sandes og ein tråd Pickles Cozy.
Eg brukte pinnar nummer sju og strikka str M. Det blei ein romsleg og tjukk genser.
Ein fin måte å bli kvitt litt restegarn på!

2. september 2018

Gul Gemma

Gemma-genseren finst i mange ulike fargar. Eg kjøpte garn til den gule versjonen hos Strikkemekka. Resultatet vart ein veldig mjuk genser.
Genseren er strikka i ein tråd ALPAKKA FORTE (80 %  alpakka, 20 % nylon) og ein tråd KIDSILK ERLE (56 % mohair, 26 % silke, 18 % ull) på pinnar nummer 4 og 4,5. Eg strikka den i str. L.



1. september 2018

Lue i nytt garn

Det dukkar stadig opp nye garnsortar og eg rekk ikkje å prøve alle. Men Kos frå Sandnesgarn måtte eg berre teste! For mjukare garn skal du leite lenge etter. Eg kjøpte to nøster gråmelert (farge 1043) for å strikke ei lue. 
Garnet inneheld babyalpakka, ull og nylon. Eg brukte pinne nummer 5,5 og strikka ei lang vrangbord, heldt fram med glattstrikk og felte så i løpet av nokre omgangar.
Resultatet vart ei veldig mjuk lue. Men eg synest ikkje det nye garnet var så veldig godt å strikke av, det sat liksom litt fast i pinnen. Men det er veldig drygt, eg brukte berre 50 gram til denne lua. 
Og som vanleg: Tarzan, som nyleg fylte ti år, blir gjerne med når det skal takast bilde tl bloggen.