23. juni 2014

Bellakjole

Denne Bellaen vart dåpsgåve til mitt yngste tantebarn.  Eg brukte Blackhill højlandsuld i ein farge eg ikkje anar namnet på. Garnet har ulike lillanyansar, og er mjukt og herleg.

Eg strikka med pinnar nr 3 og følgde den minste str i oppskrifta.
Vanskeleg å få fram rette fargen...

19. juni 2014

Svart marius

Eg har tidlegare stort sett strikka mariusmønsteret i tradisjonelle fargar; blått, raudt og kvitt.  Men eg synest denne varianten i svart, raud og kvitt også vart veldig fin.
Genseren er strikka på bestilling i Extra Fine Merino frå Drops.  Eg brukte pinnar nr 3 og 3,5, og håper at det ikkje vert for mykje sig i plagget.  Str XL, med ekstra lengde på bol og ermar.

Det er herleg med lyse sommarkveldar, desse bilda tok eg i 2230-tida.  Men det regna heftig, så det er nokre regndropar både på linse og genser.


17. juni 2014

Uglekoloni


Okey, her er ein bunke med 8 (åtte) ugleluer. Kvifor i alle dagar har eg (meir elller mindre frivilleg) strikka desse? Vel, her er historia bak:
Dette er Inga, 5 1/2 år og snart klar for skulen. Ho gler seg til skulestart, men grur seg minst like mykje til å slutte i barnehagen.  Nesten fem år saman med herlege born og vaksne går definitivt mot slutten- dette er faktisk den aller siste veka hennar som barnehagejente.  Og kva har så dette med ugleluene å gjere?
Jau, Inga ville gjerne gje noko til dei andre i 5-årsklubben som takk for fine år. Då fall valet på desse artige luene, som eg har strikka nokre eksemplar av før.  Klubben har seks jenter og to gutar, dermed måtte eg produsere åtte luer: to blå, tre lyserosa og tre rosa. 
Luene er strikka i Nepal frå Drops, og eg brukte eitt nøste (50 gram) per lue. 


Og DER var hovudpersonen lei av fotografering. 
Utanfor barnehagen, klar til å levere luene.