29. november 2016

Hundemarius

Då har eg gjort det også: strikka genser til ein hund.  Sidan nabohunden er av den mindre typen, var dette eit raskt og kjekt prosjekt.  Han er faktisk endå mindre enn leikehunden, som måtte prøve den ferdige genseren.
Oppskrifta finn du her.  Eg strikka str XS og brukte superwash ullgarn frå Trysil, kjøpt på Europris.


28. november 2016

Tova mariusvottar- igjen

Det finst framleis hender som frys. Dermed vert det stadig nokre tova mariusvottar.  Desse to para er strikka i Fritidsgarn frå Sandnes.
Pinnar nr 6. Tova på 40 grader, kortprogram.

Spennande å sjå korleis dei ulike fargekombinasjonane.

19. november 2016

To halsar på eit blunk



Hals på eit blunk frå Pickles viste seg å vere veldig populære. Det vart to grå i ein fei- det tek berre nokre timar å strikke desse.
Halsane er strikka i dobbel Pickles Cozy på pinnar nummer 15.

7. november 2016

Mariusvottar

Den observante lesar hugsar nok at eg strikka ein del (kremt) mariusvottar i fjor vinter. Ting kan tyde på at eg kjem til å strikke nokre til...  Desse skal gjevast vekk i gåve.
Dei er strikka av Fritidsgarn frå Sandnes på pinnar nr 6.
(Tarzan blandar seg som vanleg inn når det er tid for fotografering..)
Denne gongen prøvde eg ein kombinasjon av vaskemaskin og tørketrommel då vottane skulle tovast. Gjekk greit!

6. november 2016

Hals på eit blunk nr 2

Det er kjekt med småprosjekt innimellom dei litt større og tidkrevjande strikkeprosjekta.  Hals på eit blunk (garn og oppskrift frå pickles.no) er eit slikt raskt prosjekt som det berre tek nokre timar å få ferdig.  I staden for ein rett og ein vrang på alle omgangar, har eg på denne halsen strikka annankvar omgang rett.
Denne er strikka på pinnar nummer femten, garnet heiter Pickles Cozy og fargen heiter Kyanitt.  Garnet inneheld 68 prosent babyalpakka, ti prosent ekstra fin merino og 22 prosent polyamid.  Kjolen åtteåringen har på seg er forresten også frå Pickles. Den strikka eg for fire år sidan til storesystera, og her er blogginnlegget frå den gongen.
Stilig når den nye halsen matchar augefargen!


5. november 2016

"Fiskerens genser"

Det er fine fargar i denne Skappelgenseren, synest eg.  "Fiskerens genser" er strikka på pinnar nummer sju med ein tråd Suri og ein tråd minialpakka frå Sandnes.  Meir informasjon her.
Kjappstrikka. Str. M.



4. november 2016

Hals på eit blunk


Pinnar nummer 15. Dobbel tråd Pickles Cozy. Nokre timar med strikking. Vips, ein god og varm hals!  Stort enklare kan det vel nesten ikkje gjerast. Halsen er vrangbordstrikka med ein rett og ein vrang. Denne fargen heiter rav.


Garn og mønster får ein kjøpt her.