25. oktober 2012

Skappel nr 4

Då har også husets yngste fått sin Skappel.   Det kjem neppe som noka stor overrasking at fargen er oransje:-). Strikka på pinnar nr 6.5 i alpakka og vivaldi frå Drops.



Eg la opp 50 maskar og strikka bolen i eitt stykke.  Så tok eg opp 46 maskar til ermane og felte nedover til 26 maskar.   Forresten frykteleg kaldt her i dag- den første snøen er her, gitt.

21. oktober 2012

Skappel nr 3


 Eg er visst inne i ein stim av Skappelinspirerte genserar.  Denne er strikka på pinne nr 6,5 i str 5-6 år.  Garnet er frå Drops: Babyalpaka silk og Vivaldi.

Eg la opp 56 maskar og strikka heile bolen i eitt. Til ermane plukka eg opp 52 maskar på skuldrane og felte til 28 maskar.
                                                    Dette vart eit ekstremt mjukt plagg!

17. oktober 2012

Skappel nr 2

Her går det unna- Skappelgensar nr 2 er ferdig og allereie overlevert til ei kjekk nabojente.  Også denne er strikka i Sandnes minialpakka og Kitten Mohair på pinne nr 6,5. Str er ca 11-12 år. 

Eg la opp 70 maskar og strikka heile bolen i eitt stykke.  Plukka opp 56 maskar til ermane og felte jamt til 32 maskar. 


 
Og slutt eit lite mjau frå sjølvaste Tarzan. Kanskje han har lyst på ein skappelgensar.. :-)?

13. oktober 2012

Skappel nr 1

 

Det måtte skje.  Sjølvsagt klarte eg ikkje å la vere å strikke farsotten Skappelgenser.  Min versjon er strikka på pinne nr 6,5 (det tjukkaste eg har:-)), og eg har brukt ein tråd Mini alpakka og ein tråd Kitten Mohair, begge frå Sandnes.
 
Eg la opp 66 maskar, strikka nokre omgangar vrangbord og heldt så fram med rillestrikk.   Bolen er strikka i eitt stykke- eg felte til hals og la opp nye maskar i nakken.

Til ermane tok eg opp 54 maskar på skuldrane og felte jamnt nedover til 32 maskar.  Til slutt hekla eg saman gensaren under ermane og i sidene.

Gensaren er i ca str 10 år. Ermane vart kanskje litt for korte, men vi satsar på at plagget sig litt i bruk.

Katten Tarzan har det med å dukke opp når det er fotografering til bloggen.  Så då måtte han nesten få lov til å vere med på nokre bilde!

Alpakkaen er mørk rosa, mohairen lillarosa.  Veldig mjukt resultat! Og så tok det berre fire kveldar å gjennomføre dette prosjektet:-)

(Og som tittelen på dette innlegget fortel; det kjem fleire slike- eg er allereie i gang med nr 2.)