31. januar 2013

Paragrafvottar

Det var desse ideane då,som kjem rekande... Desse selbuinspirerte vottane har sjølvteikna paragrafar som hovudmønster.  Vottane er strikka i Daletta frå Dalegarn, og eg brukte pinnar nr 2,5.

Paragrafen på oppsida av votten.
Også tommelen har fått ein eigen, liten paragraf.



13. januar 2013

Hødd- Selbu 1-1

Desse vottane er inspirerte av selbuvotten og fjorårets cupfinale. Ideen dukka opp i hovudet mitt for nokre veker sidan, og som vanleg får eg ikkje fred før eg har sett ideen ut i livet. Hødd er nemleg laget med stor L her i huset.
Hm, kanskje ikkje eigna som keeperhanskar....?


Vottane er strikka i finullgarn frå Rauma. Eg brukte pinnar nr 3. Dei passar ei mannshand eller ei stor damehand.
Sidan fotball handlar mykje om kjensler, er botnmønsteret Hødd-blå hjarte. 

5. januar 2013

iPad-trekk nr 2

"Åååå, mamma, kan du strikke slikt trekk til iPaden vår også....?", sa 7-åringen.  Han og systrene fekk ein iPad på deling til jul, og den har vel knapt lege i ro sidan.   Vel, enkelte strikkeønske er lette å etterkome, så det vart mariustrekk nummer to. 
Testar om den passar.....
Fornøgd, ja!
Trekket er strikka i mandarin petit (det marineblå), eit kvitt bomullsgarn av ukjent opphav og ein rest raud Falk.  Det blå og det kvite er strikka med dobbel tråd.  Eg brukte pinnar nr 4,5 og oppskrifta er henta frå mariusboka. 

3. januar 2013

iPad-trekk

Eg fekk Ipad til jul (jippi!) og det gav meg eit påskot til å strikke eit trekk til nettbrettet. Oppskrifta er henta frå Mariusboka. 
Eg valde litt utradisjonelle fargar- eller dei er kanskje ikkje så utradisjonelle lenger?  Eg har i alle fall sett denne fargekombinasjonen på fleire marius-plagg i det siste. 
Ein liten saueknapp:-) 
Garn frå lageret: det brune er mandarin petit frå Sandnes, det kvite er Bambi frå Sandnes og det oransje er Paris frå Drops.  Det brune og det oransje er altså bomullsgarn, medan det kvite er babyull.  Eg brukte pinnar nr 4,5 og strikka med dobbel tråd. 

2. januar 2013

Nova (nesten)

Romjulsprosjektet er ferdig! Kjole med utgangspunkt i eit herleg mønster som heiter Nova. Eg følgde ikkje oppskrifta slavisk, mellom anna droppa eg knappestolpane som skal vere på framstykket.
 
 I staden for to fargar brukte eg fire fargar: lilla, petrol, sennepsgul og lys grå. Den sennepsgule er ein rest New Zealand lammeull, medan dei tre andre er 2-tråds frå Nøstebarn.  Trur forresten to av fargane (lys grå og petrol) er utgåtte fargar frå Nøstebarn- det er i alle fall lenge sidan eg kjøpte dei.

Kjolen er strikka på pinnar nr 2,5 (kantane) og på pinnar nr 3. Str 6 år, men ikkje meir enn akkurat passeleg til min store 4-åring. Eg kunne td med fordel ha strikka den nokre cm lengre, ser eg.
Eg vert alltid i godt humør når eg strikkar med slikt ullgarn; det er så mjukt og varmt, og sjølv om det er ganske tynne pinnar, går det raskt unna.
Godt nyttår, forresten:-)!!!