29. januar 2012

Oransje lue

Minstejenta har oransje som favorittfarge. Ho var ikkje heilt fornøgd med fargen på denne snurrelua- det skulle eigentleg vere litt skarpare og lysare oransje. Strikka av Sterk frå DSA, pinnar nr 3,5. I dag vart lua testa i eit aldeles nydeleg vinterver på Sunnmøre!

22. januar 2012

Mariusmonster

Monsterbukse i str 1 år. Strikka i Smart, pinnar nr 3,5.

19. januar 2012

RETRO: Fargeglade strømper

I dag har eg henta frå ein fargerik godbit frå min lange strikkekarriere. Strømpene strikka eg då eg gjekk på vidaregåande, altså mot slutten av 1980-talet. Dei vart mykje brukt då eg gjekk på folkehøgskule i Finnmark, hugsar eg.
Strikka av restegarn. Og så vart det utruleg mange trådar å feste... :-)

RETRO: Svart og brun genser

Ein brun og svart genser får æra av å starte ein serie her på bloggen min: eg hentar fram strikka kleda frå "gamle dagar"- dvs frå før eg starta blogginga. Denne genseren strikka eg på slutten av 80-talet ein gong, trur eg. Eg hugsar framleis at dama i strikkebutikken protesterte heftig då eg plukka ut fargane, ho meinte mønsteret ikkje kom til å vise skikkeleg:-)
Eg trur genseren er strikka i Heilo frå Dale, sidan det var yndlingsgarnet mitt på den tida. Varm og god og mykje brukt!

17. januar 2012

Monsterbukse

Nok ei monsterbukse er klar til bruk. Str 6-7 år, strikka i Smart frå Sandnes.

7. januar 2012

Tunika

Denne tunikaen var tidkrevjande. Ikkje strikkinga, men heklinga og trådfestinga.... Strikka og hekla i Falk frå Dalegarn i str L, pinnar nr 3,5.
Det er til saman 24 heklarutar på plagget: åtte framme og åtte på kvar erm.
Oppskrifta er henta frå Dalegarnhefte nr 245, Konfekt. Tunikaen skulle eigentleg lagast av alpakka, men eg valde altså Falk.