18. mars 2017

Mary møter Leah

Eg skulle i utgangspunktet strikke ein Leah Love-genser... (bilde frå garnius.no):
Men undervegs fann eg ut at eg heller ville strikke det vakre Marymønsteret.  Genseren er strikka i Air frå Drops på pinnar nummer fem. 
Eg strikka str S og dampa genseren forsiktig.
Eg brukte knapt 250 gram lyseblått (farge 16) og ca 30 gram natur (farge 01).
Marymønsteret (snøløv i barnestr) er eit svært enkelt og fint mønster!

16. mars 2017

Lothepus igjen

Denne lua rakk eg berre å knipse nokre raske mobilbilde av, før den forsvann ut døra på veg til mottakaren.
Lothepuslua er strikka i Pure Eco Wool på pinnar nummer fire. Eg la opp 96 maskar. 
Oppskrifta finn du her.
Detaljar....

6. mars 2017

Mariusvottar

Etter veldig mange tova mariusvottar i Fritidsgarn frå Sandnes, har eg no strikka eit par i Vams frå Rauma.  Eller; det grøne er Fritidsgarn, resten er Vams.
Og dette vart ei positiv oppleving!  Vottane vart veldig fint tova (kortprogram, 40 grader) og er herleg mjuke.


1. mars 2017

Grey Eyed-vottar

Eg trur dette er den finaste vottane eg har strikka.  På raverly.com ligg gratisoppskrifta Grey Eyed, og ifølgje designar Rebecca Tsai er ugle- og oliventremønsteret symbol for den greske gudinna Athene.
Vottane har eg strikka på pinnar nummer 2,5 og eg brukte gul og grå Flora frå Drops.  (Gulfargen er berre heilt utruleg klar og fin!) Auga på uglane skal eigentleg broderast med grått garn (forklarer namnet Grey Eyed), men sidan eg bruke grå som mønsterfarge, slapp eg det.
Undersida og tomlane er minst like fine som resten av vottane.
Detaljar.