29. september 2015

Lue med dusk

Slik går det når sjuåringen er med på strikkebutikken: ho finn garn og ein fin dusk og bestiller seg ny lue.
Lua er strikka av Luva frå Jarbo, som er 70 pst akryl og 30 pst ull. Med andre ord eit garn eg sjølv ikkje ville ha valt, sidan eg avskyr akrylgarn. Men, men, jenta vart fornøgd. Tolvåringen tok på seg fotojobben. Og som vanleg blanda katten seg inn:-).


19. september 2015

Loppa

Denne jakka har lopper og ikkje lus:-) Rett og slett fordi jakka er strikka frå halsen og ned, noko som gjer at "lusene" vert opp ned og kanskje liknar meir på lopper.
Det er Pinneguri som har designa denne jakka: 
http://pinnehobby.blogspot.no/2014/08/damejakka-loppa.html
Dei to gråfargane er totråds garn frå Nøstebarn.  På berestykket har eg brukt diverse restar i lillatoner frå Nøstebarn og Blackhill.
Jakka er strikka på pinnar nr 2,5 og 3 i str S, og mottakaren er ein tidlegare kollega som no blir pensjonist.