27. mai 2009

Sweetheart

Så vart det jammen ein kjole til:-D!! Dette er ein Sweetheartkjole, designa av Tora Frøseth. Eg har strikka den i New Zealand lammeull, pinnar nr 3 og 3,5 i str 12 mnd.
Berestykket er fullt av små, nydelege hjarte:
Kjolen ligg forresten på eit babydynetrekk i hardangersaum, som mora mi laga for over 40 år sidan. Ho var då 20 år gamal. Nydeleg arbeid!

25. mai 2009

Nye bøker

Det er ikkje så veldig ofte eg kjøper hobbybøker, men i dag fekk eg desse to frå Hobbyklubben: Hekleglede- sidan eg har veldig lyst til å lære meg å hekle.

Spirrevipstrik- fordi tittelen på boka var så artig:-). Boka er dansk, men oppskriftene ser ut til å vere veldig lettfattelege.

22. mai 2009

Mini-Klukka

5-åringen bestilte Klukka då ho såg MIN kjole. Ho har sjølv plukka ut fargane: beige, grøn og lys og mørk rosa. Kjolen er strikka i Falk frå Dale på pinne nr 4,5. Eg tok utgangspunkt i Klukkaoppskrifta, som er i vaksenstr.
Den nybakte Klukkaeigaren er i alle fall fornøgd med det ferdige resultatet- og tok kjolen i bruk straks! (Trass sommartemperaturar her...)

12. mai 2009

Selekjole

Eg er visst i skikkeleg kjolemodus for tida. Siste tilskot er denne selekjolen, som er strikka etter oppskrift i nøstebarnboka. Den er strikka i New Zealand lammeull, på pinne nr 2,5 og 3. Garnet var utruleg drygt- eg brukte rundt 80 g i str 1-2 år.

6. mai 2009

Merkelappar

Desse har eg hatt liggande ei stund- merkelappar til å sy på plagga eg strikkar: Symbola er handvask og ull. Eg bestilte dei her.

3. mai 2009

Little sister`s dress

Då er det tidlegare omtalte garnet (Rowan baby alpaca) omsett til ein liten kjole. Oppskrifta fann eg her. Eg strikka str 6 mnd og brukte pinne nr 3,5. Garnet var utruleg godt å strikke av- og kjolen er heilt usannsynleg mjuk!

Manglar berre eit par knappar..... (må gjere alvor av å bygge meg opp eit aldri så lite knappelager, trur eg..)