27. juli 2013

Pingu-Marius


Er det slik at eg endeleg har funne mi rette hylle her i livet? Som produsent av strikkaklede til kosedyr....? Det kan nesten sjå slik ut, gitt. Denne gongen var det Pingu som ville ha Mariusgenser:-)

Eit nøste mørkeblått Rauma tretrådsgarn og smårestar kvitt og raudt gjekk med.  Og heldigvis hadde eg igjen to pingvinknappar!


25. juli 2013

Klutar

Eh, dette innlegget skulle handle om sommarens store produksjon av klutar...  Tradisjonen tru: eg hadde leita fram/kjøpt ein del bomullsgarn for å strikke oppvaskklutar i sommarferien.  Bomull er vanlegvis betre å strikke av enn ull på varme, klamme, heite sommardagar.   Så kva skjedde- kvifor sit eg her med berre TO klutar no når ferien er slutt.....? 
Vel, eg har altså strikka berre to klutar.  Ein oransje og ein turkis.  Mest fordi eg hadde nokre ullprosjekt eg ville ha ferdig og fordi det ikkje har vore varme, klamme, heite sommardagar. Regn og 10-12 grader har faktisk vore perfekt ullver! 
Men altså; to klutar vart det. 

24. juli 2013

Utanomjordisk Marius

 
Foto: Marie Flatin
Ein kjekk, liten fyr har fått ny jakke! E.T. er eit utanomjordisk vesen frå filmen med same namn, som hadde premiere i 1982.  Denne versjonen er eit kjært kosedyr for ein av tanteungane mine, som fint spurde om eg kunne strikke Mariusgenser til E.T.(Akkurat slikt som smeltar eit tantehjarte...)  Det viste seg å vere lettare å ordne ei jakke- pga det ekstremt store hovudet.( på E.T., altså:-))
Eit gamalt Heilo-nøste gjekk med, i tillegg til litt smårestar med raudt og kvitt. Og pingvinknappar i tre.
Litt varmt med ulljakke i solveggen, kanskje...?
Jakka er strikka på pinnar nr 3 i str S utanomjordisk vesen.

22. juli 2013

Resteteppe

Ein diger pose med restegarn, ei hytte på fjellet og mange strikkevillege sjeler.  Håpet er at dette ein gong vert eit varmt og godt teppe. På hytta, sjølvsagt.
Etter fleire tiår med strikking har det hopa seg opp ein del restegarn, for å seie det mildt. Ideen til restegarnsteppe fekk eg i boka Håndarbeider fra Hagen av Arne og Carlos. Enkelt: 250 maskar på rundpinne nr 3,5. To omgangar med ein farge, skift farge og strikk to nye omgangar. Skift farge. Hald fram til nøstet er slutt. Plukk vilkårleg eit nytt restenøste frå den store posen. Det er strengt forbode å planlegge fargeskifta, nemleg.
Tre generasjonar i to døgn på hytta gav resultat, men det må framleis strikkast masse for å fullføre prosjektet.  Både mamma, 9,5-åringen, 8-åringen og eg sjølv bidro.  Alt garnet er i ull og i alle andre fargar enn grått, svart, beige, kvitt og brunt- DEI har eg samla i ein eigen pose.  Som kanskje blir eit eige resteteppe ein gong...
Her og her kan du sjå andre som også strikkar/har strikka eit slikt teppe.

19. juli 2013

Marius til Sid


Har du sett Istid-filmane? Då har du garantert lagt merke til Sid, det klomsete dovendyret! I den norske versjonen er det Dagfinn Lyngbø som gir stemme til Sid. Åtteåringen har hatt stor sans for denne figuren sidan han såg den første filmen, så gleda var stor då han fekk eit Sid-kosedyr for nokre år sidan. Etter det har Sid vore med over alt: på overnatting, ferietur, båttur og på skule (der han hamna på taket og måtte hentast ned av rektor...).  
Han har det med å forsvinne og så dukke opp på dei raraste plassar. Til dømes her i salatslynga:

Vel, eg synest Sid fortener ein genser. Det Mariusliknande plagget er strikka av alpakkarestar, pinnar nr 3 i str xxs dovendyr.
Kva Sid meiner om genseren? Tja, han har som vanleg tommelen i veret, sjølv med berre eitt auge.

18. juli 2013

Kattejakke

8-åringen er ikkje den som får flest heimalaga klede. Mest fordi han ikkje er så veldig glad i strikkaplagg- det meste klør, meiner han. Men no trur eg eg har funne det perfekte garnet til han: merinoull frå Drops.

Jakka er strikka litt på måfå, eg plukka ut nokre fargar (lys og mørk grå, gul, blå og brun) og strikka i veg. Brukte pinnar nr 3 og 3,5, og str er vel 9-10 år. Han er veldig glad i kattar ( lik meg!), så difor la eg inn ei rekke med pusar. To kattar fekk broderte, gule auge:-)
Fargane speglar sommaren her på Sunnmøre: mykje gråver og lite sol og blå himmel. Knappane har guten plukka ut sjølv: eitt smilefjes, resten kattefjes.
Eine knappestolpen er grå (med knappar), den andre (med knapphol) er gul. Og dette prosjektet minte meg på kor lite eg likar å sy i og klippe opp i noko eg har strikka...  Vel, 8-åringen er fornøgd i alle fall.







16. juli 2013

Stripegenser



Dette er årets sommarferieturprosjekt: Lille Frøken seilergenser frå Pickles i herlege grønfargar. Starta i bilen på veg austover, og fekk strikka litt no og då på den tolv dagar lange turen til Oslo/Københamn/Hunderfossen.  Td her på Norsk Teknisk Museum:

På eit torg i Københamn:

Og på Rustberg Camping i Øyer:

Vel, eg vart ikkje heilt ferdig- måtte bruke nokre dagar heime for å fullføre prosjektet.  I dag tok vi bilde i typisk sunnmørsk sommarver:

Genseren er strikka i garn frå Pickles, hovudfargen er i tweed, stripene i angora. Pinnar nr 3 og 3,5.  - Mmmmmmmm!, sa 4,5-åringen då ho fekk den på seg.






1. juli 2013

Enkel bestefartrøye

Det enkle er ofte det beste!  Denne genseren er nok eit døme på det.  Enkel bestefartrøye frå Pickles, strikka på pinnar nr 5,5 med dobbel tråd Merino Tweed frå Pickles. Garnet finst i mange herlege fargar, berre sjekk HER.  Eg strikka den i fargen Fjellblomst i str 5-6 år.
 


Mottakaren fekk velje knapp sjølv. Valet kom ikkje akkurat som eit sjokk, det vart ein Hello Kitty-knapp:-)
 
(Minstjenta har fått mykje nytt frå strikke- og sykroken i det siste- til litt murring frå dei to eldste.  Så her må eg til med ein sjarmoffensiv for å vege opp litt!)