27. oktober 2019

Lettvintdress

Sett noko så nusseleg??? 
Mitt nyaste tantebarn ønskte seg visst ein lettvintdress, så det måtte eg sjølvsagt ordne. Dressen er strikka i str 3 mnd, og eg har brukt Drops Baby Merino (det kvite og det lilla) og Drops Flora (det gule.) Dressen passar bra, men det går nok ikkje lenge for ho har vakse ut av den.
Dressen var langt frå lettvint å strikke, etter mi meining. Eg måtte heile tida ha eit auge på oppskrifta, sidan det var fellingar og knapphol og rette og vrange maskar.... 
Men dressen vart fin! 


26. oktober 2019

RETRO: Genser med pepitaruter


Det har gått meir enn tretti år, kanskje nesten trettifem år, sidan den svarte og rosa genseren såg dagens lys.
Denne genseren strikka eg ein gong på ungdomsskulen, og sidan eg av prinsipp ikkje kastar strikkaplagg, dukka denne opp i heime no. Og jammen passar den fint til 11-åringen!
Eg hugsar ikkje alle detaljar, men eg meiner eg strikka genseren i eit mjukt garn frå Rauma. Mønsteret teikna eg sjølv, tydeleg inspirert av dei alltid aktuelle pepitarutene. I halsen er det taggekant, ser eg.
Genseren har isydde ermar, akkurat DET måtte mamma gjere- for på den tida hadde eg ikkje lært meg den kunsten.

11. oktober 2019

Skog-genser

Dette var ein lettstrikka genser! Skog-genseren er eit samarbeid mellom Cecilie Skog og Sandnesgarn. Eg har strikka den i fargen lys blå nr 5521 i garnet Kos- etter ønske frå mottakaren.
Vrangbordene er strikka på pinnar nummer 4,5, resten på pinnar nummer 6. Eg strikka str XS, og det passa perfekt. Inntrykket er at storleikane er ganske romslege. 
Garnet er ok å strikke av og genseren kan ifølgje mottakar vere rett på huda utan at det klør. 
Ser du trea/skogen i mønsteret..? 
Mønsteret på rundfellinga synest eg var enkelt og greitt, og oppskrifta var lett å følgje.