29. juli 2016

Røverkofte

Det har gått mykje i grått den siste tida på strikkefronten.  Denne jakka, som er designa av Kristin Wiola Ødegård, finst i både vaksen- og barneversjon.
Eg har strikka jakka i to gråfargar Smart frå Sandnes, to blåfargar minialpakka frå Sandnes og koksgrå Smart.  Mottakaren har grått og blått som yndlingsfargar, så då vart fargevalet slik.

Jakka er strikka i str XL.

28. juli 2016

Graziela-kjole

Har du høyrt om den tyske designaren Graziela Preiser?  Det ho laga av stoff og sengetøy var svært populært på 1970-talet.  No har dottera Nina relansert mønstera, og denne kjolen er sydd av eit slikt byGraziela-stoff.
"Eg likar ikkje oransje, mamma, men eg kan sikkert klare å bruke kjolen." Sjuåringen har endra smak- i mange år hadde ho oransje som sin absolutte favorittfarge.  Motstanden mot oransje botnar nok mykje i at erkerivalen på fotballfronten, Aalesund, har oransje drakter...
Kjolen er sydd etter same mal som alle kjolane eg har sydd (never change a winning team..). Forstykke, bakstykke, to ermar og strikk i halskanten.
Vil du lese meir om byGraziela? Du finn heimesida her: http://www.bygraziela.com/?___store=bygraziela_en&___from_store=bygraziela_de
Her seks kjolar samla, tre vart sydde i fjor sommar, to i sommar og den siste er arvegods frå storesystera- sydd for cirka fem år sidan.
Kjolane er suverene til bade bytur og strandtur, dei er mjuke og lette.

26. juli 2016

Grå mariusgenser

Det har vore mykje grått ver her på Sunnmøre i sommar. Denne mariusgenseren står difor litt i stil med sommarveret.
Genseren er strikka av Smart frå Sandnes i fargane grå, natur og svart. Str M, herre.
No blir genseren med i bagasjen til London, der han skal få ny eigar.

24. juli 2016

Katvig-kjole

Eg er ingen syar. Likevel er sying noko av at det artigaste eg veit!  Som regel syr eg berre om somrane og førebels er eg veldig einspora: eg syr kjolar.   Tradisjonen tru har eg også denne sommaren sydd kjolar til yngstejenta.
Mange vil nok kjenne igjen mønsteret på stoffet. Jepp, dette er eit Katvigstoff. Eit godt brukt juniordynetrekk har fått nytt liv som mjuk og romsleg kjole, og skal få lufte seg både i London og Oslo dei næraste vekene.
Kjolen er sydd av fire delar: forstykke, bakstykke og to ermar. I halsen er det løpegang med strikk.  Eg diggar å sy av brukte dynetrekk, rett og slett fordi stoffet er så mjukt og fordi eg likar gjenbruk. Og så er det kjempepraktisk med plagg som kan vaskast på seksti grader!
Kjolen er i cirka str 10 år, og det er igjen nok stoff til å sy ein litt mindre kjole.

Katvig har laga sengesett i dette mønsteret i mange fargar, det finst i til dømes blått, grønt, brunt, raudt og gult.
Godkjent!

23. juli 2016

Kaldfarging

"Mamma, kvifor kjøper du ikkje berre gult og oransje garn????" Husets yngste følgde nøye med då eg for første gong skulle prøve å kaldfarge garn.  Tja, kvifor kjøper eg ikkje berre garn i dei fargane eg vil ha, i staden for å bale med glas, garnhesper, påfyling av vatn og 2-3 veker ventetid?  Kanskje fordi det er spennande å sjå kva fargar ein kan trylle fram berre ved hjelp av enkle metodar?  I glaset til venstre er det ca 50 gram totråds merinoull frå Nøstebarn som godgjer seg saman med rikelege mengder gurkemeie. I glaset til høgre er det 50 gram finull frå Rauma som er saman med ein god dose paprikapulver. (For ordens skuld: såpeskummet har ingen ting med kaldfarginga å gjere- det er gutungen som vaskar altanen.)
Etter tre veker såg det tidlegare kvite garnet slik ut. Paprikapulver til venstre, gurkemeie til høgre.
Gurkemeiegarnet vart melert i alle slags gule nyansar.  Kanskje resultatet hadde vorte jamnare viss eg hadde slått til med endå meir gurkemeie?   Uansett: Det skal verte artig å strikke av dette garnet!
Æææ, paprikapulvergarnet vart ganske jamt farga. Ein slags blass oransjefarge. Usikker på om at synest det vart så veldig fint, men eg skal nok finne ein måte å bruke dette på også.
Her viser dei gule nyansane litt betre.  Mykje av inspirasjonen har eg henta frå bloggen til Monstermønster, som har skrive om kaldfarging både her og her.  Også i denne bloggen finst det mange gode tips.    Min spede kaldfargingsstart gav i alle fall meirsmak: no skal eg prøve reinfann, rødbete og blåbær.

16. juli 2016

To enkle vestar

Enkel vest frå Pickles er nettopp det: enkel.  Desse to strikka eg på eit par dagar, då det dukka opp behov for gåve til ei nyfødd jente.   Då eg først var i gang, strikka eg ein vest til storesystera også.
Vestane er strikka av ein tråd Nepal og ein tråd totråds merinoull frå Nøstebarn.  Eg brukte pinne nr 6. Den rosa er i str 1 år, den lilla i str 4 år.
Å blande Nepal og Nøstebarngarn gir ei fin melering.