16. februar 2013

Restevottar

Lageret av tynn ull er ganske omfangsrikt, og minkar ikkje av seg sjølv. Desse to vottepara er strikka etter oppskrift i Nøstebarnboka.  Begge i str 5-6 år, ca.
Dobbel tråd; ein blå og ein mørk grå.
Dobbel tråd; ein gul og ein lilla. 

Påskevottar!

4. februar 2013

Farmengenser

Desse stripene og fargekombinasjonen bør vere kjend for dei fleste, for dette var eit av dei mest omdiskuterte strikkaplagga i 2012.  TV2 vart nemleg klaga inn for PFU (Pressas faglege utval), pga denne genseren. (Meir her).
Vel, eg likar genseren veldig godt, både pga fargane og passforma.  Difor har eg strikka den til meg sjølv! Det er Raumagarn som i samarbeid med TV2 har laga genseren til Farmenprogramleiar Gaute Grøtta Grav.  Min er strikka i Mitu, (50/50 ull/alpakka).

Str L, pinnar nr 3 og 3,5.  Den vart akkurat passeleg og varmar godt.



3. februar 2013

Pakke

Pakke i posten er alltid gøy!  Denne kom frå ei dame i Trøndelag, som også er med på hemmeleg venn-runde på hobbyboden.com. Tynt ullgarn, blåbærte og maskemarkørar. Takk!

2. februar 2013

Lestar/sokkar

Eg er ingen stor sokkestrikkar.  Eg har aldri vore det, har aldri prøvd å bli det, og veit ikkje om eg nokon gong blir det.   Men då Sandnes kom med eit nytt sokkegarn, der mykje er alpakka, ja, då måtte eg nesten prøve.  Resultatet vart dette paret i ca str 5-6 år.  Eg strikka etter oppskrifta som følgde med garnet, men brukte pinnar nr 3 i staden for pinnar nr 3,5.

Her kan ein ane litt kor mjukt dette garnet er.