30. juni 2013

Blomsterkjole

8-åringen går i ei stor klasse, så vanlegvis er det reine gute- eller jenteselskap når nokon har bursdag. Men i dag var han invitert til ei av jentene, og han foreslo sjølv at han skulle gje klede i gåve.  Denne kjolen vart sydd i ein fei.

Kjolen er sydd av lett bomullsstoff frå Stoff og stil.


Det einaste ekstra med denne kjolen er at mottakaren har fått namnet sitt skrive med knappar: MARTHE.







28. juni 2013

Dalekjolen

Denne kjolen kan eg ta max 10 prosent av æra for:-)  Eg er ingen heklar, men verdas beste kollega tilbaud seg å hekle viss eg ville lage denne ekstremt populære kjolen frå Dalegarn.  Så då hekla ho og eg monterte/sydde. Resultatet av teamarbeidet vart slik. 
Det er altså Dale som har designa denne kjolen, som går som ein farsott i hobbyverda.  Det er artig å sjå kor mange ulike variantar som vert laga- her er det absolutt mogleg å setje sitt personlege preg gjennom fargevalet. 
Vår versjon er hekla i originalgarnet Vipe frå Dale. Nål nr 3, og str vart ca 5-6 år til min store 4 1/2-åring.





Kjolen vart ekstremt godt teken imot!  Eg har sjeldan sett mottakaren SÅ glad for eit klesplagg. 
Litt vanskeleg å sjå, kanskje, men knappane utgjer namnet til 4 1/2-åringen; INGA. Og nedst er det ein rosa hjarteknapp. 
Skjørtet er sydd av eit gamalt dynetrekk.  Tidlegare har eg sydd tre kjolar av det same trekket.


No MÅ og BØR sommaren snart kome!

26. juni 2013

KUtunika

Eg er visst inne i ein systim for tida: dette er ein tunika i str 5-6 år.  Den er sydd av raud chenille og kumønstra jersey frå Stoff&Stil.
Planen var eigentleg å bruke berre kustoffet, men eg hadde ikkje nok av det. Difor måtte eine halvdelen på framstykket vere raud.   Mottakaren er i alle fall veldig fornøgd!

 


Her ser du kuene ekstra godt.



24. juni 2013

Putetrekktunika

Sommar + sol er ikkje alltid sant her på Sunnmøre. Regn, skodde og max 12 grader er ofte realiteten. Denne tunikaen kan kanskje lyse opp litt og kompensere for den fråverande sola:-)? 
 
Tunkaen er sydd av eit gamalt putetrekk i krepp, truleg frå det fargeglade 70-talet.  Godt brukt, men framleis mykje stoff igjen.   Mønsteret er av enklaste sort: framdel og bakdel er lik og kragen har løpegang med strikk. For å live litt opp applikerte eg på to blomar frå eit frottestoff.  Eg har sikkert sagt det før, men plagg av dynetrekk/putetrekk blir heilt utruleg mjuke og deilige! Rett og slett perfekt for born.

 Det har vore mykje lilla i bloggen min den siste tida, så det var artig å lage noko i ein heilt annan farge. 
Litt latmannskant nede (kremt..)- der har eg berre sydd tett sikksakksaum. Gir eit litt røft inntrykk.

Tunikaen vil truleg passe frå 1 år (som kjole) til ca 4 år, vil eg tru.

20. juni 2013

Hitchhiker

Verdas beste lærar skal ikkje lenger vere lærar for 9-åringen. Det måtte markerast, og som takk fekk ho dette sjalet.  Hitchhiker er eit av dei mest populære prosjekta på ravelry, berre sjekk HER.
Eg har strikka det i Wollmeise, fargen heiter ein klein wenig verrûcht. For ei stund sidan selde eg faktisk heile Wollmeise-lageret mitt- eg fann liksom aldri dei rette prosjekta å bruke garnet til.  Men akkurat dette hespet i fine lillatonar vart liggande igjen, og passa perfet til dette sjalet.
Sjalet har 45 taggar og veg godt og vel 150 gram. Eg brukte pinnar nr 3, og ei veke på strikkinga. Håpet er at det fell i smak og at det vil varme lærarinna som har gitt jenta vår fire gode år i grunnskulen.



 
Det tok si tid, men no blømer endeleg epletreet vårt.  Spenande å sjå om det blir frukt på treet i år!

4. juni 2013

Veksejakke

Jippi, vi har fått ein ny, liten nabo!  Og slike ferske naboar fortener ei lita gåve:-) Litt dilemma for ein ullentusiast som meg: kan eg strikke i ull til ein vårbaby...?  Vel, valet fall på veksejakka frå Nøstebarn. Strikka i totrådsgarnet frå nettopp Nøstebarn, str 0-1 år. Så håper eg det blir ver til å bruke jakka utover sommaren/hausten/vinteren.
Den velbrukte Storedokka sa ja til å vere modell. Eg synest ho klarte oppdraget veldig bra, eg!