28. februar 2015

Liten Marius

Marius igjen, gitt. Denne gongen i grå Falk, naturkvit Smart og okergul Falk.
Genseren er i str 2 år og er strikka på pinnar nr 3,5 (3 på vrangbordene).
Eg synest det vart ein ok fargekombinasjon!

Planen er å strikke ei bukse i same fargar, med gule vrangborder og mariusmønster nedst på beina. Følg med i neste episode.. (evt til hausten..).

21. februar 2015

Osloanorakk nr ørten


Eg har sagt det før og seier det igjen: dette mønsteret frå Pickles kjem eg stadig tilbake til. Osloanorakken er eit veldig anvendeleg plagg med fin passform.
Denne gongen vart fargane oker og brun Nepal frå Drops. Eg har brukt pinnar nr 4,5 og strikka etter str. 3-4 år.
Litt festleg at anorakken matchar klatrestativet på leikeplassen i byggefeltet :-).

Eg er ikkje 100 pst fornøgd med knappane, dei kunne godt ha vore meir okergule.
Fotoassistent!

15. februar 2015

Setesdalskofte


Jammen vart kofta ferdig til slutt!   Det var spesielt knappestolpane som tok lang tid, utan at eg har noko god forklaring på kvifor....
Dette bildet er frå oktober i fjor, då eg sat mange timar på Gardermoen og venta på flyet til Bulgaria.  Og så vart kofta strikka på innimellom jullegåvestrikking, før eg gjorde den ferdig på nyåret. Trådfesting og knappestolpestrikkinga tok nesten ein månad, he he..
Eg har strikka kofta i dobbelt totrådsgarn frå Nøstebarn.  Pinnar nr 3 og str L.
Mønsteret er frå Rauma.
Og kremt...eg har enno ikkje sydd i knappar. Men dei ligg klar, altså!  Då står det berre igjen å prioritere å sy dei på....

14. februar 2015

Mariusgenser

Akkurat då eg trudde eg var i ferd med å verte lei av mariusmønsteret, dukka det opp eit fristande tilbod hos den lokale garnbutikken: halv pris på noko av det siste Falkgarnet som er produsert her i landet. 11-åringen og eg fall for desse fargane: lilla og to grånyansar, og vart raskt samde om at dette kunne verte ein fin mariusgenser.
Og denne gongen var det ikkje langt frå tanke til handling, gitt. Genseren er strikka på pinnar nr 3,5 i str S.  Dermed har 11-åringen litt å vekse i.
Fantastisk ver, sol, fargar og lys i dag!