25. februar 2012

Byssanlull

Denne vesten heiter Byssanlull og er designa av Tora Frøseth. Eg strikka den i dobbel Cash Sock-garn på pinne nr 3,5. Str 4 år, ca.
Knappane er frå Snella og Petronella:-)

14. februar 2012

Kattegensar til vaksen

Dette er eit bestillingsverk; ein kattegensar i str M. Ein tru kopi av denne: http://lindeik.blogspot.com/2011/03/kattegenser.html
Gensaren er strikka i Shetland Soft frå holstgarn.dk. Veldig mjuk og varm gensar!

7. februar 2012

Albogelapp

Det var hol på albogen på gensaren frå Nøstebarn. Det måtte fiksast, og 3-åringen vart svært fornøgd (men prega av stundens alvor)!

2. februar 2012

RETRO: Grå og kvit kofte

Denne kofta er kanskje det kjæraste strikkaplagget eg har. Mamma strikka den til pappa då eg var lita- så den er sikkert snart førti år gamal. Eg overtok den for mange år sidan, og har brukt den flittig.
Ermane ber preg av mykje bruk- her må eg nok snart til med litt reparasjon.
Eg reknar med at kofta har eit namn. Kanskje nokon av blogglesarane veit det??