27. oktober 2013

Sjømannsvottar


Stundom får eg spørsmål om å strikke for andre. Det tek eg som ei tillitserklæring:-)  Desse vottane er altså strikka på bestilling. Vottar til ein sjømann. Kompassroser og styrbord- og babordvott.
Tomlane har fått farge etter lanternelysa.  Vottane er strikka i Trysil på pinnar 2,5 og 3.  Mønsteret er henta herifrå:  http://www.joridweb.com/butikk/butikk.html



26. oktober 2013

Artig skrue-hettelue


Denne lua frå Pickles (http://www.pickles.no/artig-skrue- hettelue/har lenge stått på skal-snart-strikke-lista mi.  Femåringen er vel snart for stor for slike luer, men denne fall faktisk i smak.  
Det gule er babymerino frå Pickles, det brune er alpakka frå Drops. 
Heile lua er strikka i dobbel tråd på pinnar nr 5.



4. oktober 2013

Veldig enkel vest

To kveldar med pinnar nr ni resulterte i ei kjapp bursdagsgåve. Ein enkel vest av ein tråd Alpaca boucle frå Drops og ein tråd babyalpakka frå Rowan. Dette gjekk veldig raskt unna!
Fargane er vanskelege å få fram i haustmørket, men eg har altså brukt ein tråd grå og ein tråd støvrosa.
Ca str 6 år, strikka etter innfallsmetoden- men inspirert av Pickles sin enkel vest.
Knappen er handplukka av femåringen, som skal gje vesten i gåve i morgon.