31. januar 2014

Holmenkollvott (eit forsøk i alle fall)

Eg, eit konkurransemenneske??? Vel, i desember lyste bladet Hjemmet ut ein konkurranse om å designe ein Holmenkollvott. Konkurransen var i samarbeid med Skiforbundet, Skiforeningen og Holmenkollrenna. Meir her.
Sjølv om eg er fødd og oppvaksen på den snøfattige sunnmørskysten, har eg - som dei fleste andre her i landet- eit forhold til Holmenkollen.  Og i denne votten har eg prøvd å putte inn mykje av det eg knyter til Holmenkollen: norske flagg, snø, stilkarakterar, skihopp, v-stil, bikkja i bakken, Oslo....
På undersida har bikkja i bakken sett eit poteavtrykk:-) Og på tommelen står det OSLO, kransa av små, raude hjarte.
Bakken vart opna i 1892, det står nedst på votten. Skihopparen trur eg hoppar i den klassiske stilen, medan stilkarakterane viser 19, 18, 18,5, 19,5 og 20.
Botnmønsteret er snøkrystallar, som saman dannar nok snø i bakken.
Votten er strikka i Sisu (det raude), Daletta (det kvite) og minialpakka frå Sandnes (det blå).


Og korleis det gjekk med konkurransen? Vel, eg vann ikkje- for nokre dagar sidan fekk eg vott og mønsterark i retur.  Vinnaren blir publisert i Hjemmet i midten av februar, så det gler eg meg til å sjå!

24. januar 2014

Tunika i Kauni


Ikkje så veldig nyskapande, men denne tunikaen vart ikkje så aller verst. Striper av eit nøste koksgrå Kauni og eit nøste med lange fargeskift vart ganske effektfullt. Stripetunikaen er i str sånn cirka 6 år.
Eg brukte pinnar nr 3,5 heile vegen, starta med halsen og strikka nedover etter eige hovud.  (Vanskeleg å få fram rette fargane- dagslyset er vekk etter jobb og barnehage...)

Eg hadde tenkt at knappen skulle vere bak, men 5-åringen insisterer på å ha den framme.

17. januar 2014

Genseren som ville vere vest

Sist sommar var eg innom Pickles-utsalet i Oslo. Der kjøpte eg sju nøster i sju ulike fargar av Extra Fine Merino-garnet. Altså, kva tenkte eg på eigentleg.....? Vel, først no fekk eg inspirasjon til å bruke det- og valet fall på pilgenseren frå nettopp Pickles. 
Og som de ser- dette er då ingen genser, men ein vest. Årsaka er at mottakaren, ein bestemt 5-åring, undervegs i prosessen fann ut at ho heller ville ha vest.
Herleg fargar, som ein bukett tulipanar!
Str 6 år, ca. Strikka på pinnar nr 3,5.


7. januar 2014

Jakkestart

Kva gjer ein notorisk strikkar når ho skal til Oslo nokre dagar men ikkje har eit strikkeprosjekt på gang? Jau, for å sikre seg eit reisestrikketøy tek ho kjapt tre totrådsnøster og startar på Hverdagsjakka (http://www.ravelry.com/patterns/library/hverdagsjakka).
Det grøne og brune er frå Nøstebarn, det gule er frå Bånsull.
Eg brukar tynnare garn enn det eigentleg skal vere, så eg er litt spent på om jakka kjem til å passe. Heldigvis strikkar eg frå halskanten og ned- dermed går det an å prøve undervegs.