23. april 2017

Varm vimpelgenser

Ein gong i fjor kjøpte eg ein garnpakke frå Pickles: varm vimpelgenser.  Først no har eg endeleg strikka genseren, og det gjekk veldig kjapt unna. Pinnar nummer fem (vrangbordene) og seks. Eg strikka str M/L, garnet heiter Pickles Cozy.
Vimplane skal eigentleg strikkast i tre ulike fargar, men eg valde å bruke berre to av dei. Synest det vart veldig fint!

Botnfargen er kremkvit, nr 100 (Quarts), medan vimplane er i fargane kald brun, nr 292 (Porfyr) og oker, nr 3810 (Rav).  Den tredje vimpelfargen var grasgrøn, nr 17-6229 (Smaragd), men den droppa eg altså.  HER kan du sjå alle fargane i Pickles Cozy.
Garnet er ei blanding av babyalpakka, merino og polyamid.  Her på Sunnmøre er det forresten skikkeleg surt ver; ei grad og sluddbyer.

10. april 2017

"Stor jakke til kalde dagar"

Jepp, jakka heiter "Stor jakke til kalde dagar". Oppskrifta fann eg i boka Strikk med raske pinner av Kristin Wiola Ødegård. 
Oppskrifta er lagt opp til at ein skal bruke Verdi og Fabel Mouline frå Garnstudio, men eg valde heller ein eigen vri: ein tråd Drops Air og ein tråd Dale Royal Alpakka. Sistnemnde frå lageret, frå den gongen Dale produserte garnet sitt her i Noreg.
Eg brukte pinnar nummer sju og strikka etter oppskrifta, som er one size. Jakka vart akkurat passe stor til tretteåringen.

Lommer! Dei er strikka som firkantar og sydde på til slutt