30. august 2012

Garn utan plan


Nøstebarn har kome med nokre nye garnfargar. Eg må sjølvsagt teste- og i tillegg til nyefargen paprika, hamna tre nøster til i bestillinga.   Eg synest desse fire fargane er utruleg fine saman!

Eg har ingen konkrete planar, men eg anar vel eit eller anna stripeprosjekt. Har du eit forslag? Kom gjerne med det!

26. august 2012

Nøstebarntunika

 
Av og til, eller ganske ofte, kjem eg over oppskrifter eg legg ein stad i bakhovudet mitt.   Tunikaen frå Nøstebarn er eit slikt strikkaplagg.  Den har lege i bakhovudet mitt i nokre år, men det er først no eg har strikka den.
 
Eg har brukt 2-trådsgarn frå Nøstebarn, og pinnar nr 5 og 6.  Str L.  Eg vedgår at dette er småkjedeleg strikk- einsfarga rettmaskar heile vegen.   Men det vart eit varmt og luftig plagg- tunikaen veg berre 150 gram!



 Vanskeleg å gjengi rett farge- men dette utebildet er nok nærast.
 

20. august 2012

Driftwood

 Godkjent av katten!  Ikkje så rart, sidan gensaren er strikka i 100 pst ull.   Og jaudå, dette vart ein veldig mjuk og varm gensar.  Mønster finn du her.

 Gensaren er strikka frå toppen og ned.
Den mintgrøne og den mørkaste grå er Ask frå Hifa.  Resten er tretrådsgarn frå Nøstebarn.
Eg strikka den på pinnar nr 4,5 i str L, og brukte 100 g av kvar farge.



5. august 2012

Feriemodus

Tradisjonen tru: eg strikka oppvaskklutar på ferieturen.   Denne gongen vart det fire stk på den sju dagar lange turen til Danmark.   Klutane er strikka i Paris frå Drops på pinnar nr 4.  Enkel oppskrift:  legg opp 45 m. Strikk 3 r og 1 vr, avslutt med 1 rett.  Strikk alle pinnar på denne måten.   Desse fire fekk svigermor som takk for pass av hus og kjæledyr:-)
 I Københamn måtte eg sjølvsagt innom garnbutikken Rasmilla (http://www.rasmilla.dk/), som blir driven av Sanne Bjerregaard.  Utanfor butikken hang denne tunikaen:
Og ja, eg kjøpte garn til ein slik tunika.   Det er Rasmillas Yndlingsgarn, som er ei blanding av ull og bomull.
Tunikaen skal strikkast i dobbelt garn.   Det er heile sju ulike fargar.  Eg valde lilla- og gråtonar, og er veldig spent på korleis den blir!