31. oktober 2015

Ludviggenser

Eg er ingen stor fan av alpakka, men eg har ein del årgangsalpakka frå Dale (norskprodusert) liggande i garnlageret. Litt av det er no omgjort til ein  Ludviggenser.  Oppskrifta fann eg i Klompelompeboka.

Fargane er koksgrå, lys grå og blass gul. Eg synest det vart ein ok kombinasjon!
Genseren er strikka på pinnar 2,5/3,5 i str 6 år.  Oppskrifta er enkel, godt forklart og lett å følgje. Og eg elskar genserar med rundfelling.


Det er alltid utfordrande å få jamn mønsterstrikk med alpakka, men etter litt forsiktig damping vart det ikkje så verst, gitt.

17. oktober 2015

Skappelgenser med mønster

Dette er ein genser eg klarer å ha rett inn på huda.  Strikka i Suri frå Sandnes, som er originalgarnet. Det er laga av 96 prosent alpakka og 4 prosent polyamid.  I utgangspunktet slett ikkje mellom mine favorittgarn, men eg likte fargane veldig godt.

Fargar: rust nr 3355, sand nr 2521 og og blå 6081.  Strikka str M/L.