28. november 2015

Tova mariusvottar

Eg er ikkje åleine om å ha oppdaga gratisoppskrifta frå Sandnesgarn på tova mariusvottar.
Vottane er svært kjappstrikka (2 timar per vott, ca), og dei kan varierast i det uendelege i fargane.  Mine seks par er alle strikka av Fritidsgarn frå Sandnes på pinnar nr 6.  
Det er artig å sjå kor ulike vottane vert, alt etter kva fargar dei har.  Alle er tova ein halv time på 40 graders ekspressvask med vanleg vaskepulver.
Eg har strikka den minste str, og då passar vottane til ei damehand.  
Mjuk....

..mjukare

..mjukast..
Trur dette er mine favorittar!