27. februar 2017

Gudrungenser

Boka #bystrikk ligg på bestseljartoppen og det kan eg godt forstå.  Gudrungenseren må vere eit av dei mest populære strikkemønstra for tida.  Her er min versjon, strikka av Pickles Pure Wool og Nøstebarn-garn.
Hovudfargen er Isbre frå Pickles, ein fantastisk fin blåfarge. Det kvite er ein tråd totråds merino og ein tråd angoragarn frå Nøstebarn.  Det mørkaste blå er dobbel blåbærblå totråds merinoull frå Nøstebarn.
Heile genseren er strikka på pinnar nummer tre. Eg strikka den største storleiken, dvs 10 år, og det passa bra til åtteåringen.
Genseren fekk seg ei runde på silkevask i maskina (30 grader) og vart endå mjukare.
Det gjekk med ca 210 gram Pickles Pure Wool, ca 50 gram av det kvite og ca 40 gram av det mørkeblå.

23. februar 2017

Rosa Lothepuslue

Denne Lothepuslua er strikka i to gråfargar, to rosafargar og ein liten rest lilla.  Eg la opp 88 maskar på pinnar nr 4.  Strikka i originalgarnet Dale Pure Eco Wool.

22. februar 2017

Lue med vrange slangar

Det dukka opp eit behov for ei gåve til ein gut.  Då vart denne lua til, strikka i økologisk ull frå Dale på pinnar nr 4. Eg brukte tre fargar: blått, grått og grønt.
Eg la opp 90 maskar og strikka vrangbord ein rett, ein vrang. Så auka eg ti maskar og strikka sju omgangar rett med blått. Så ein omgang rett og fire omgangar vrangt med grønt.  Byta mellom grønt og grått på desse vrange partia.
Åtteåringen synest dei grå og grøne partia ser ut som slangar.

18. februar 2017

Alle skal få!


Om eg kunne strikke Lothepusluer til alle jentene i tredje klasse...?  Klart eg kunne! Heldigvis er det berre fem jenter i klassa til åtteåringen, og sidan ho allereie hadde fått ei Lothepuslue, var det berre å strikke fire til.   Alle luene er strikka i originalgarnet Dale Pure Eco Wool på pinnar nr 4. Ei lue fekk koksgrå som hovudfarge og lys lilla som kantfarge.
Denne har lys grå som hovudfarge og lys lilla som kantfarge.
Her er det lilla kantfarge og grå som hovudfarge.
Denne har lys rosa kantfarge og sandbeige som hovudfarge.
På alle luene la eg opp 96 maskar. 
Oppskrifta er gratis frå Dale, her hos TV2 finn du den.

10. februar 2017

Lothepuslue

Åtteåringen anar ikkje kven Lothepus er.  Eg veit ikkje så mykje om han eg heller, men har fått med meg at han har mange fine strikkaplagg, til dømes i Kjendis Farmen.  Dette er altså ei Lothepuslue, strikka på pinnar nummer 4 i originalgarnet Dale Pure Eco Wool.
"Mamma, heiter lua LODDEN KATT, eller noko sånt..?", spurde ho, etter at ein lærar hadde kommentert lua.  Tja, to sider av same sak...?
Ekstremt dårlege bilde- seier meg lei for det- dei er tekne under eit gatelys på veg til skøyteisen.  Elles likte eg garnet veldig godt. Nydeleg å strikke av, og med pinnar nummer fire går det raskt unna.  Eg la opp 96 maskar i staden for 120, for at det skulle passe eit barnehovud.

6. februar 2017

Leah Love


Dette var eit festleg prosjekt. Leah Love kjøpte eg som garnpakke frå Garnius. Med Drops Air på pinnar nr 5 gjekk det rykande fort. Det spesielle var at genseren skulle dampast GODT for å få rette storleiken.
Eg strikka str L og dampa den berre sånn middels, for eg ville ikkje ha ein veldig oversized genser. Synest resultatet vart ok.
Sidan eg ikkje kan fordra høge halsar, strikka eg halsen rundt tjue centimeter kortare enn det oppskrifta la opp til.
Raglanfelling.
Dette er eit plagg eg kan ha direkte på huda. Veldig mjuk genser!