29. desember 2012

Skappel nr 9

Denne varianten er strikka i dobbel Baby Alpaca silk frå Drops på pinnar nr 6,5. Eg vil tru den er ca i str 8-10-12 mnd. Sidan det er ein baby som skal bruke den, valde eg altså å droppe mohair i denne Skappelutgåva. 


Og med denne set eg eit (førebels?) punktum for Skappelstrikkinga mi.

28. desember 2012

Skappel nr 8

Kanskje feil å kalle dette Skappelgenser, men prinsippet er i alle fall det same: fram og tilbake-strikk i det uendelege.  Denne gongen har eg ikkje brukt mohair, men dobbel tråd Baby Alpaca Silk frå Drops. 
Denne er berre pittelitt lengre bak enn framme, og har splitt i sida. 
Eg brukte pinnar nr 6,5 og vil tru den er i str M/L. Strikka heile bolen i eitt stykke, før eg plukka opp maskar på skuldrane til ermar.  Genseren er hekla saman.  Trur nok den kjem til å sige ein del, men elles er det eit mjukt og deilig plagg.
 

27. desember 2012

Skappel nr 6 og 7

Dette er to små Skappelgenserar som var julegåver, den eine litt mindre enn den andre. Den største er i str ca 3 år, den minste i str kosebamse.  Begge er strikka på pinnar nr 6,5 i Vivaldi og Alpaca silk frå Drops. 

(Vanskeleg å få vist rette raudfargen..)


26. desember 2012

Uhuuu!

Ei lita julegåve:  denne uglelua fall eg pladask for då eg såg oppskrifta her
Eg har strikka den i tynnare garn og med tynnare pinnar: Drops Merino ekstra fine på pinnar nr 4.
Eg la opp etter den største barnestr, og håper den passar til ein snart 5-åring.

25. desember 2012

Nøstebarntunika

Då er det endeleg mogleg å vise fram det eg gav vekk i julegåve!  Dette er ein tunika, strikka etter oppskrift frå Nøstebarn. Str S, strikka på pinnar nr 6 med totrådsgarn frå Nøstebarn.

Mystisk liten knapp på venstre skulder......

.... der det står volding.  (Mottakaren er frå Volda)

Detaljar.


Og som vanleg dukka Tarzan opp til fotografering.

22. desember 2012

God jul!

 
Rart:når ein eigentleg burde rydde, støvsuge, vaske og bake, ja, då dukkar det opp andre gjeremål som er mykje meir forlokkande.  Dette bjørkehjartet laga eg i dag av bjørkegreiner, ståltråd og nokre garnpompongar.
Pompongane er laga av nokre restar Nøstebarngarn og ved hjelp av ein gaffel (!). Ideen fann eg på Nøstebloggen. Eg har festa dei til bjørkegreiene med lim, så eg er spent på om dei kjem til å sitje fast utover i jula.
No kjem jula, uansett om eg er ferdig med rydding og vasking og baking.
God jul!

19. desember 2012

Uglelue

Denne oppskrifta fann eg på nettsida ravelry. Rett og slett kjempefestleg! Pinnar nr 6, eit nøste Nepal frå Drops og nokre timars arbeid og vips! så var lua ferdig.
Lua skal gjevast vekk til ei som jobbar i barnehage.

10. desember 2012

Brun hals

 Eit halvhjarta forsøk på å rydde i garnlageret stoppa raskt.  Årsak: eg fann eit hespe med økologisk ull frå Järbo som straks måtte brukast:-) (Rart- det har lege på lageret i minst fem år...)
Vel, det vart ein hals.  Strikka fram og tilbake på pinnar nr 6. Eg la opp 40 maskar og strikka til det var tomt for garn (dvs 150 gram).

21. november 2012

Alpakkahals

Ein liten hals, strikka i alpakka frå Drops. Eg brukte pinnar nr 4,5 og la opp 180 maskar.  Strikka rundt tre rett og ein vrang.  Flytta mønsteret ein maske til venstre annankvar omgang.   Eg brukte ca 75 gram garn og halsen kan snurrast to gongar rundt halsen.

17. november 2012

Rosenborggensar


Frekt og freidig har eg brukt mønsteret til Osloanorakken (frå Pickles) til å lage ein Rosenborggensar.  Svart og kvit Lima frå Drops er brukt, det gjekk med ganske nøyaktig tre nøster (150 gram) av kvar farge. Pinnar nr 4,5.
Detalj: RBK er brodert med maskesting.  Og det måtte sjølvsagt vere fotballknappar på eit sånt plagg!

Så molefonken blir ein Høddsupporter når ho blir tvinga til å prøve ein RBK-gensar,  berre fordi mora har lyst til å sjå korleis gensaren ser ut PÅ, liksom.

Eg strikka str 3-4 år.  Osloanorakken er forresten eit fantasisk plagg: fin fasong, kjekk å strikke og enkel å variere i fargane.

7. november 2012

Og elles då?

Det er alltid gøy å lage slike ordknappe vestar:-)  Denne gongen vart det ein vest med spørsmålet 
Og elles då?
 
 Vesten er strikka på pinnar nr 3 i totrådsgarn frå Nøstebarn.  Str 0-4 mnd, vil eg tru.

4. november 2012

Skappel nr 5

Den (førebels) siste Skappelaktige gensaren er koksgrå, ca str S.  Strikka i alpakka frå Drops og Kitten Mohair frå Sandnes.  Eg brukte pinnar nr 6,5. Det gjekk med nesten seks nøster alpakka og litt over fire nøster mohair.

Same framgangsmåte som dei andre: eg strikkar bolen i eitt stykke- felte til hals og la opp maskar i nakken. Bakstykket er ti cm lengre enn framstykket.

1. november 2012

Voldingvest

Nok ein vest med ordknappar har sett dagens lys.  Også denne er strikka i totrådsgarnet frå Nøstebarn- lillafargen er veldig vanskeleg å få fram på bilde.  

På knappane står det Ej e volding. (Volding er ein person frå Volda, altså).  Knappane er sjølvsagt frå Snella og Petronella. Vesten vil passe ein nyfødd og nokre månader framover. 

25. oktober 2012

Skappel nr 4

Då har også husets yngste fått sin Skappel.   Det kjem neppe som noka stor overrasking at fargen er oransje:-). Strikka på pinnar nr 6.5 i alpakka og vivaldi frå Drops.



Eg la opp 50 maskar og strikka bolen i eitt stykke.  Så tok eg opp 46 maskar til ermane og felte nedover til 26 maskar.   Forresten frykteleg kaldt her i dag- den første snøen er her, gitt.

21. oktober 2012

Skappel nr 3


 Eg er visst inne i ein stim av Skappelinspirerte genserar.  Denne er strikka på pinne nr 6,5 i str 5-6 år.  Garnet er frå Drops: Babyalpaka silk og Vivaldi.

Eg la opp 56 maskar og strikka heile bolen i eitt. Til ermane plukka eg opp 52 maskar på skuldrane og felte til 28 maskar.
                                                    Dette vart eit ekstremt mjukt plagg!