14. februar 2012

Kattegensar til vaksen

Dette er eit bestillingsverk; ein kattegensar i str M. Ein tru kopi av denne: http://lindeik.blogspot.com/2011/03/kattegenser.html
Gensaren er strikka i Shetland Soft frå holstgarn.dk. Veldig mjuk og varm gensar!

7. februar 2012

Albogelapp

Det var hol på albogen på gensaren frå Nøstebarn. Det måtte fiksast, og 3-åringen vart svært fornøgd (men prega av stundens alvor)!

2. februar 2012

RETRO: Grå og kvit kofte

Denne kofta er kanskje det kjæraste strikkaplagget eg har. Mamma strikka den til pappa då eg var lita- så den er sikkert snart førti år gamal. Eg overtok den for mange år sidan, og har brukt den flittig.
Ermane ber preg av mykje bruk- her må eg nok snart til med litt reparasjon.
Eg reknar med at kofta har eit namn. Kanskje nokon av blogglesarane veit det??

29. januar 2012

Oransje lue

Minstejenta har oransje som favorittfarge. Ho var ikkje heilt fornøgd med fargen på denne snurrelua- det skulle eigentleg vere litt skarpare og lysare oransje. Strikka av Sterk frå DSA, pinnar nr 3,5. I dag vart lua testa i eit aldeles nydeleg vinterver på Sunnmøre!

22. januar 2012

Mariusmonster

Monsterbukse i str 1 år. Strikka i Smart, pinnar nr 3,5.

19. januar 2012

RETRO: Fargeglade strømper

I dag har eg henta frå ein fargerik godbit frå min lange strikkekarriere. Strømpene strikka eg då eg gjekk på vidaregåande, altså mot slutten av 1980-talet. Dei vart mykje brukt då eg gjekk på folkehøgskule i Finnmark, hugsar eg.
Strikka av restegarn. Og så vart det utruleg mange trådar å feste... :-)

RETRO: Svart og brun genser

Ein brun og svart genser får æra av å starte ein serie her på bloggen min: eg hentar fram strikka kleda frå "gamle dagar"- dvs frå før eg starta blogginga. Denne genseren strikka eg på slutten av 80-talet ein gong, trur eg. Eg hugsar framleis at dama i strikkebutikken protesterte heftig då eg plukka ut fargane, ho meinte mønsteret ikkje kom til å vise skikkeleg:-)
Eg trur genseren er strikka i Heilo frå Dale, sidan det var yndlingsgarnet mitt på den tida. Varm og god og mykje brukt!