31. desember 2015

Snøløvgenser


Fire tenner i manko i løpet av jula.  Og ny genser i pluss. Snøløvgenseren er barneversjonen av Marygenseren i førre innlegg.
Eg har strikka genseren av Nepal (det bringebærraude) og Air (det kvite) frå Drops.  Vrangbordene på pinnar 4,5, resten på nr 5.
Snøløvgenseren skal eigentleg strikkast på tynnare garn og pinnar 3 og 3,5, så eg måtte trikse og mikse litt for å få rett storleik med tjukkare garn.
Trur eg landa på str 8-10 år, genseren er ikkje meir enn akkurat passeleg til sjuåringen.


Vermessig avsluttar vi 2015 med mildver og null snø.

29. desember 2015

Marygenser

Vakker og enkel er kanskje orda som skildrar denne genseren best. Marygenseren er designa av Marianne J. Bjerkmann, og er kjapp å strikke. (Likevel vart eg utolmodig før eg var ferdig, truleg fordi eg var van med å strikke kjappe mariusvottar før jul.)
Eg har brukt garnet Air frå Drops. Det inneheld 70 prosent alpakka, 23 prosent polyamid og 7 prosent ull, og eg har brukt fargane tåke og natur.


Vrangbordene er strikka på pinnar nr 4,5, resten på pinnar nr 5.  
Str S til 12-åringen viste seg å vere eit lurt val.



27. desember 2015

Sytten, atten, nitten....

Talet er nitten. I vekene før jul strikka eg nemleg så mange mariusvottar. Og kor mange som framleis er i heimen..? Ingen.
Desse tre para er dei siste, alle strikka i Fritidsgarn frå Sandnes på pinnar nr 6.
Dette må vere tidenes kjekkaste votteoppskrift! Raske og enkle å strikke, og så kan dei varierast i det uendelege med ulike fargar. I tillegg er dei funksjonelle: varme og mjuke


25. desember 2015

Kjolar til systre

Fønvind og tolv plusgrader. Då passar det med sommarkjolar, sjølv om det er aldri så mykje desember.
Kjolane er sydde i bomullsstoff frå Panduro, og på hovudstoffet er det små mus og blomster.

Kjolane er i str. 6 og 2 år, og forsvann som julegåver til to systre.

22. desember 2015

Siste par ut (?)

Det tek visst ingen ende:-)  Tre nye tova mariusvottar er ferdige i god tid før jul, og rekk dermed å bli julegåver.
Alle tre er strikka av Fritidsgarn frå Sandnes.


21. desember 2015

Lilla og grå mariusgenser

Ikkje snø, men kaldt likevel!  Denne mariusen er ein tru kopi av denne:  http://lindeik.blogspot.no/2015/02/mariusgenser.html
Genseren er i str S og er strikka i Falk frå Dale i fargane lilla, lys og mørk grå. Garnet kjøpte eg på tilbod på nyåret, då siste rest av norskprodusert Dalegarn skulle seljast ut.




13. desember 2015

....og endå fleire vottar...

Gratisoppskrifta på tova mariusvottar (Sandnesgarn) er visst sterkt vanedannande.  Tre nye par er ferdige-  og straks på veg ut til nye eigarar. Frå før har eg strikka desse seks og desse fire para.
Alle er strikka i Fritidsgarn på pinnar nr 6.,,,
..og tova på 40 grader i maskin.

8. desember 2015

Endå fleire mariusvottar


Jepp, eg har strikka endå fleire mariusvottar. 
Dei fire para er alle strikka av Fritidsgarn frå Sandnes og tova på førti grader. Oppskrifta finn du her:
http://www.sandnesgarn.no/marius-tova-votter-1

Kjekt å sjå kor ulike vottane blir med ulike fargekombinasjonar!







Høgt häng dei, og varme er dei.