16. august 2015

Dotty den femte

Den førebels siste Dottylua er klar til overlevering.  Mottakaren valde rosa og grått, og det er fargar som passar godt saman.
 Meir om oppskrifta her.  
Også denne Dottyen er strikka av babymerino frå Drops på pinnar nr 2,5 og 3.

11. august 2015

Loppa eller.....?


Fordelen med å ha eit aldri så lite garnlager? Det er til dømes at det hopar seg opp store og små restar som viser seg å passe godt i lag.
Denne gjengen her skal etter planen verte ei jakke, mest truleg denne her:  Loppa av Pinneguri.
Den lyse grå skal vere hovudfargen, men eg har ikkje heilt klart for meg om vrangbordene, loppene og vrangbordene skal vere skifergrå eller lilla.  Berestykket skal strikkast i ulike lillafargar med innslag av grått og kvitt.
Det meste av garnet er Nøstebarn sin totråds merinoull, men også Blackhills højlandsull er representert.

8. august 2015

Nye prikkar

Dottyoppskrifta frå to vrange er vanedannande! Luene er raske å strikke, dei vert fine og kan varierast i det uendelege når det gjeld fargar.  
Elleveåringen (veslesystera får aller nådigst lov til å ha på seg lua på bilda her..) har bestilt luer til venninner, og denne er heilt lik lua ho har sjølv: grå og kvit.
Tarzan dukkar trufast opp når det skal takast bilde.. Han foråt seg på kokt torsk i går, og brukte heile gårsdagen til å sove.
Lua er strikka i babymerino frå Drops på pinnar nr 2,5 og 3. Litt for stor til snartsjuåringen, men lua vert gitt vekk til ein tolvåring i løpet av dagen.

7. august 2015

Nancy

"Ha ha ha", seier du kanskje, "no har ho bomma stygt på storleiken!!"  Det kan kanskje sjå slik ut, men nei, alt er som det skal vere.   Det er altså ikkje rette eigar som har på seg jakka: elleveåringen står berre modell med jakka mormora hennar skal ha.

For stundom gir eg folk gåvekort på eit strikkaplagg. Til sist jul til dømes, fekk mamma eit slikt gåvekort. Ho valde seg ei Nancyjakke, og no er jakka endeleg ferdig.  Det har teke si tid, men, men....
Jakka er strikka i originalgarnet: minialpakka frå Sandnes.  Eg bytte ut den mørkebrune med lillarosa, som er meir etter mamma sin smak.  Eg la opp etter str L på bol og ermar, men felte ned til str M då eg starta på mønsteret/rundfellinga.    Eg er ingen stor fan av alpakkagarn, for eg synest det er så glatt å strikke med.  Men resultatet vert nesten som ein akvarell, fargane går liksom litt over i kvarandre. 
Jakka er altså ein smule for stor for elleveåringen, men eg kryssar fingrane for at den sit betre på rette mottakar.




2. august 2015

Endå ei dottylue


Elleveåringen har bestilt dottyluer til tre venninner.  Dette er den første, og er strikka i babymerino frå Drops (det grå) og alpakka frå Drops (det lilla). Pinnar nr 2,5 og 3.
Mønsteret er frå bloggen to vrange, og denne lua er strikka litt baggy på same måte som den grå og kvite i dette blogginnlegget.   (Katten Tarzan ser visst ikkje heilt poenget med å posere for ein skarve strikkeblogg :-).)
Veldig fin passform.



1. august 2015

Kjole med søte fuglar


Nokon kjøper suvenirar når dei er på reise. Eg kjøper strikkegarn og stoff.  Dette supersøte bomullsstoffet kjøpte eg i London no i sommar.  Det var på sal til halv pris på kjøpesenteret John Lewis i Oxford Street, i avdelinga for Haberdashery. 120 kroner for ein meter.
Ein del av stoffet vart omgjort til kjole i dag. Ca str 9 år, vil eg tru.  Det er strikk i halskanten, og forma på kjolen gjer at den er lett og romsleg.

Det er rosa, gule og lyseblå fuglar på kvit bakgrunn.
Mottakaren er fornøgd med kjolen, men har vanskar med å stå stille når det skal takast bilde....

På ermane sydde eg på rosa knappar. Berre til pynt.
Vi hadde den flotte stranda heilt for oss sjølve då vi skulle ta bilde. Det fortel litt om "sommarveret" her.