30. juli 2015

Dottyluer


To døgn på hytta resulterte i to luer.  Oppskrifta er henta frå bloggen to vrange, og heiter Dotty.  Begge jentene ville ha prikkeluer, og eg har brukt babymerino frå Drops (det grå og kvite) og Merino extra fine frå Drops (det gule). 
Den grå og gule lua er strikka etter den minste storleiken på pinnar nr 2,5 og 3.  Lua har veldig god passform og sit bra på hovudet til snart sjuåringen.  (Det er 11-åringen som har på seg lua på bildet her, for eigaren ikkje var å oppdrive på fotoshoot-tidspunktet:-)).
Bilde frå hytta: framom vedomnen i ei stille stund. (I den grad det går an å ha ei stille stund når du er åleine vaksen saman med seks born i alderen 6 til 12 år....)
Tidleg morgon: lua er ferdig og må straks takast i bruk, sjølv om trådane enno ikkje er festa...
Fin felling!
11-åringen ønskte seg ei litt meir baggy lue, så eg la opp etter den største storleiken og auka så 18 maskar etter vrangborda. Også denne er strikka på pinnar 2,5 og 3.
Konklusjon:  dette er ei flott oppskrift!  Garnforslaget er bra, fordi det er eit garn som ikkje klør. Og så kan ein variere i det uendelege med ulike fargar.  No kan hausten berre kome! (Sjølv om vi vel har hatt haust i heile sommar. I dag var det td heile ti grader....)

21. juli 2015

Restestripekjole

Eg har eit ganske stort garnlager (kremt), som eg meir eller mindre heilhjarta prøver å redusere.  Denne kjolen er strikka av Kauni-restar av to ulike nøster, og 100 gram tretråds Albulita merinoull frå Pickles.   Tidlegare i sommar strikka eg ein liknande kjole, berre med breiare striper. 
Sommarfuglknapp!
Eg synest Kauni har fine fargeskift, og det er alltid veldig motiverande og spennande å strikke slike plagg.



Kjolen er strikka frå halsen og ned, og passar frå ca. 7 år, vil eg tru. Denne skal gjevast vekk i gåve i haust.
Dette vart feriestrikket mitt: eg la opp kjolen på flyet på veg til London. I London vart det strikka veldig lite. Litt meir strikking vart det i Oslo, medan det vart masse strikking då vi var i Mikkelparken i Kinsarvik.

19. juli 2015

Barneloppa


Dette bildet oppsummerer årets sommar: skodde, regn og 12 grader.  Med andre ord framifrå ulljakkever!   Bildet er teke ved den vakre Ørstafjorden.
Oppskrifta heiter Barnelopper,  og er ein fin måte å få brukt opp litt restegarn på.   Hovudfargane mine er totrådsgarn frå Nøstebarn (natur og brunt), medan garnet på berestykket er diverse restar i nøstebarnull, shetland soft og Blackhill.
Jakka er strikka frå halsen og ned, difor vert dei tradisjonelle lusene "opp-ned"- og difor har designer Pinneguri gitt jakka namnet Loppa.
Jakka er strikka på pinnar nr 3, og eg følgde str 9 år.

Jakka fekk heile femten knappar med kattar på, og fall i svært god jord hos mottakaren. Lett, mjuk og varm. 



12. juli 2015

Grønt er skjønt

Den gode sommarvarmen let vente på seg her på Sunnmøre, så då er det heilt greit å posere i ein kjole som er meint for ei heilt anna årstid.  
Kjolen er strikka av garn frå Pickles:  Pure Thin Alpaca i fargen oliven og Pure Wool i fargen jalapeno.
Kjolen er strikka frå halsen og ned med dobbel tråd og pinnar nr 4. Overdelen er i alpakka, medan resten er ein omgang alpakka, ein omgang ull i repitisjon.

Oppskrift? Tja, eg likar å strikke litt på måfå: Eg la opp 66 maskar, sette maskemarkørar slik at eg hadde 11 maskar på kvart erme og 22 maskar på fram- og bakstykke. Så auka eg før og etter markørane på annankvar omgang til overdelen var lang nok til min 6-åring.   Sette så ermemaskane på ein tråd, la opp åtte maskar i kvar side, og strikka så til kjolen var lang nok. Eg auka nokre gongar i kvar side.  Eg felte av med icord.  På ermane strikka eg til slutt fire omgangar rillestrikk, før eg felte av med icord også der. 
Eg brukte til saman100 gram Pure Wool, og 200 gram alpakka.
6-åringen fekk velje knapp sjølv, og då vart det ei slags rosa marihøne på grøn bakgrunn.




2. juli 2015

Dynetrekkjole

Eg sydde ein kjole til, når symaskina først var varm:-)  Mottakar er 6-åringen, og kjolen er sydd av eit gamalt dynetrekk.  Stoffet er i herlege solgule nyansar, og ifølgje seksåringen er kjolen kjempedeilig å ha på seg når det er varmt.









1. juli 2015

Kjolar av dynetrekk


 Sying er (diverre) ikkje kvardagskost her i huset.  Det innsåg eg då ungane benka seg rundt meg for å sjå meg sy i dag tidleg:-)

Å sy er noko eg gjerne gjer om sommaren, og denne gongen var det eit gamalt og godt brukt dynetrekk som skulle til pers.  Resultatet vart kjolar til 6- og 11-åringen.

Skikkeleg fint stoff med fint mønster!



Og i dag kom endeleg sommaren til Sunnmøre!