28. desember 2016

Norgesgenser

Av og til tek eit strikkeprosjekt mykje tid.  Denne genseren er resultat av ei julegåve eg fekk for to år sidan, i 2014. I pakken låg det garn, oppskrift på den såkalla Norgesgenseren og ein lapp med teksta "God jul kjære svigerinne. Julegåva til deg håper eg å få i retur ferdig strikka som julegåve neste år."
Det var altså ein av svogerane mine som ville ha strikkagenser.  Genseren skal eigentleg strikkast i Falk eller Heilo frå Dalegarn, men han hadde valt alpakka frå Sandnes.  Eg måtte prøve meg litt fram for å få rett storleik (XL).  I tillegg laga eg raglanfellingar i staden for isydde ermar- sidan eg ikkje likar å sy/klippe i alpakkastrikk.
Vel, genseren vart ferdig til slutt- eit år seinare enn planlagt.  Vrangbordene er strikka på pinnar nr 3, resten på pinnar nr 3,5.
Hette!
Norgesgenseren er vinnarbidraget i ein konkurranse Norsk Ukeblad arrangerte for tre år sidan.  Mønsteret er inspirert av fjell, sjø og snø.  Meir om genseren og alle oppskrifter finn du her.

25. desember 2016

Hals

I år vart det ikkje så mange strikka julegåver.  Denne halsen er eit unnatak.
Kjapp og grei, strikka i dobbel i Air frå Drops. Ein rett, ein vrang i ein omgang, rett i neste omgang, osb.



24. desember 2016

Klassisk mariusgenser

Det verste med desember? Mangel på fotolys!  Denne klassiske mariusgenseren måtte difor fotograferast hengande frå takrenna. 
Genseren er strikka av Smart frå Sandnes i str XL.


23. desember 2016

Selmagenser

Har du sett årets julekalender på NRK?  Her i huset proklamerte familiens yngste tidleg i desember at ho ønskte seg slik genser som hovudpersonen Selma har.  Gleda var difor stor då ønsket vart oppfylt nokre dagar før jul.
Genseren er strikka i alpakkagarn på pinnar nummer 4. Garnpakke kan kjøpast her.
Lite som minner om kvit jul her på Sunnmøre.  Men Tarzan er kvit, i det minste.
Fine fargar og mjuuuuk genser.