21. oktober 2020

Oskargenser til Olivia

Dette er ein Oskargenser. Oppskrift frå Bystrikk/Knitting Inna. Eg har strikka den av Royal Alpakka frå Dale i str cirka eitt år.







11. oktober 2020

Hjørundfjordgenser

Fin, sant? Dette er Hjørundfjordgenseren i haustfargar. Genseren frå Hjørundfjordstrikk vart lansert i Bakketunet på Bjørke i Hjørundfjorden i Ørsta 13. september. Då kjøpte eg to garnpakkar, ein til tolvåringen og ein til meg. No er den første ferdig, strikka i str S.
Genseren er strikka av Rauma finull på pinnar nummer tre og 3,5. Strikkepakkane finst også i ein vårversjon (grøn), ein sommarversjon (rosa/lilla) og vinterversjon (blå). 
Oppskrifta var lett å følgje, og sjølv om det nesten ikkje er omgangar utan mønster, følte eg ikkje at det blei for komplisert.


28. september 2020

Svartulvgenser

Boka Villmarksgensere har vorte ein stor suksess, og eg har tidlegare strikka Føyka og Norsk skoggenser derifrå. Denne her heiter Svartulvgenser, og eg har strikka den i Blåne frå Hillesvåg.
Blåne er eit pelsullgarn, og det gjer plagga litt lodne og ekstremt varme og omtrent vindtette. Denne genseren vil nok eigne seg som eit ytterplagg i den kaldaste vintertida.
Fin fargekombinasjon, synest eg. Mønsteret gjer at genseren blir dobbel.

Genseren er strikka i str L, og er det er ikkje eigaren som står modell her.

26. september 2020

Mariusgenser i alpakka

Eg nyttar kvart høve til å gje strikkaplagg i gåve:-) Denne Mariusgenseren var konfirmasjonsgåve no i september.
 
Genseren er i str S, og er strikka av alpakka frå Sandnes. 


Dei to døtrene mine, den eine i Mariusgenser, den andre i Loppisgenser frå Pickles.

25. september 2020

Loppisgenser

 
Dette vart eit langdrygt prosjekt! Loppisgenseren frå Pickles er strikka av Pickles Pure Wool på pinnar nummer tre (vrangbordene) og 3,5.
Eg brukte sju ulike fargar, så her vart det eit enormt arbeid å feste alle trådane...
Eg strikka etter storleik L.


21. juli 2020

Retro: Lilla og kvit genser

Det er artig med strikkaplagg som held seg like fine i år etter år. Denne genseren strikka eg ein gong på 80- eller 90-talet.
Eg hugsar ikkje kven som gav ut mønsteret, men eg er ganske sikker på at genseren er strikka i Heilo frå Dalegarn. 
To ulike lillafargar og kvitt.
Denne kan framleis brukast, 25-30 år etter at den vart laga. Skigenser, kanskje?


19. juli 2020

Bunadstrømper


Eg klarte det! Å bli ferdig med bunadsstrømper i løpet av tre veker ferie, altså.
Konfirmanten i huset skal leige bunad, og då bestemte eg meg for å strikke strømper til han. Dette er strømper til sunnmørsbunad, og det er brukt havskum- og flettemønster.
Garnet er totråds frå Rauma (tretråds på hælen). Pinne nummer 2,5 på vrangborda og på hælen, elles pinne nummer 3.

Eg er ingen stor sokkestrikkar, og oppskrifta var temmeleg mangelfull. "Strikk vanleg hælfelling", stod det, td. Difor brukte eg litt tid på å finne ut kva hæl- og tåfelling eg skulle bruke. Eg landa på ei hælfelling med German short rows, forklart her i denne oppskrifta av Strikkezilla Design. Og tåfellinga vart denne firedelte.
Lysforholda gjer at det ser ut som om det er fargeskilnad på dei to strømpene. Det er det altså ikkje.

14. juni 2020

Mariusgenser



Søtare enn dette er vel knapt mogleg å bli for ein genser. Storleiken er rundt 1 år, og eg har brukt Lanett babyull. Genseren er strikka på pinnar nummer tre.
Prøvde å leike meg litt med dei ulike fargane, litt usikker på om det fungerer. Hadde kanskje vore ok å strikke heile mønsteret i kvitt og heller spare den lysaste rosa til halsen?  Vel det svaret får eg ikkje, for no er genseren ferdig.




25. mai 2020

Nøstepleddx3

Veldig mange kjenner klassikaren Mor Signes babyteppe, strikka av ull frå Nøstebarn. For ei stund sidan lanserte dei ein større variant: Nøstepledd. Medan babyteppet er strikka med éin tråd, er Nøstepleddet strikka med heile fire trådar.
Oppskrifta, som du finn gratis her, seier at ein skal bruke anten dobbel tråd Vestlandsull, eller to trådar merinoull og to trådar silkeull. Eg har gjennom åra opparbeidd meg eit stort lager av totråds merinoull frå nettopp Nøstebarn, og såg difor her ein sjanse til å bruke ein del av det. 
Teppa er strikka på pinnar nummer ti frå hjørne til hjørne, og til kvart teppe har eg altså brukt 800 gram totråds merinoull. Teppa blir rundt 1,70x1,70m, og er rett og slett heilt fantastisk mjuke og varme.  
Det gjekk overraskande raskt å strikke, faktisk. 
Vanskeleg å gje eit rett inntrykk av kor store teppa her, men dette bildet viser vel litt: