30. januar 2016

Somewhere over the rainbow.....

Uveret Tor har herja frå seg og etterlet seg eit fint snødryss.  Dermed var det endeleg lyst nok til å ta bilde av nyaste strikkakjolen.
Kjolen er strikka frå halsen ned på pinnar nummer 3,5.   Det grå er Pickles pure wool, fargen heiter Røyksignal.  Og regnbogefargane er Kauni EQ.  Fantastisk å kunne strikke eit plagg med så mange fargar utan å feste meir enn 4-5 trådar!
Berestykket er strikka fram og tilbake, slik at det vart riller. Kjolen er open på venstre skuldar og har fått fem treknappar forma som soler der.


Den observante lesar vil legge merke til at kjolen og lua har det same mønsteret. Jepp, eg vart inspirert av To vrange si Dottylue og har altså brukt prikkemønsteret på kjolen også.


24. januar 2016

På repeat..


Vottepar nummer 29 og 30 er klare til å varme kalde hender.  

Begge er strikka av Fritidsgarn på pinnar nr 6.

Ser du alle fire vottane i epletreet...?

Kattane treng ikkje strikkaklede, begge har tjukk og lang pels. Lollipop er 10-11 år gamal og mor til Tarzan, 7 1/2 år.

19. januar 2016

Fire par til


Vi har vorte velsigna (?) med mykje snø her på Sunnmøre, så det er god marknad for tova vottar. Tolvåringen bestilte vottar til seg sjølv og to venninner: alle ville ha lysegrå med kvitt mariusmønster,   men brota skulle vere ulike: rosa, grønt og blått.
Bilda vart knipsa med mobil i full fart før vottane fauk ut døra for å gå på ski til skulen.

Dette paret, lysegrått med jeansblått brot, forsvann også ut døra så fort det var tørt etter tovinga i maskin på 40 grader.
Alle fire para er strikka av Fritidsgarn frå Sandnes på pinnar nr 6.


11. januar 2016

Aus der Reihe....

Med fare for å gjenta meg sjølv: oppskrifta frå Sandnesgarn på tova mariusvottar er vanedannande. Eg har fullført fire par til og alle fauk raskt ut døra til nye mottakarar.
Som alle dei tidlegare vottane; også desse er strikka av Fritidsgarn på pinnar nr 6 og tova på 40 grader ekspressvask.
Totalt 24 slike vottepar sidan november ein gong. Og kor mange som framleis er her i huset? Null. Det må eg gjere noko med, har eg fått signal om.

3. januar 2016

Tova mariusvottar

- Trudde du ikkje skulle strikke fleire slike, eg, kom det tørt frå husets tolvåring.
Ho hadde lagt merke til votteproduksjonen før jul og at eg vesle julaftan sa at no, no er det nok.
Likevel har eg altså strikka det tjuande paret. Rett og slett fordi det skal gjevast som takk til ein hjelpsam person.  Også dette paret er strikka av Fritidsgarn på pinnar nr 6.
Kald og fin januardag her på Sunnmøre.


2. januar 2016

Liten snøløvgenser

Det går (heldigvis) hardt ut over garnlageret for tida.  Denne vesle snøløvgenseren er strikka i tre fargar Nepal frå Drops: nr 300 beige (vrangbordene), nr 0618 kamel og nr 100 natur.
Det er Mariann J. Bjerkmann som har designa denne genseren og mønsteret kan kjøpast her.
Eg har altså brukt tjukkare garn/pinnar enn i oppskrifta, så eg måtte telje meg fram for å få rette storleik.   Denne genseren er rundt 2-3 år i str.
Vinteren er framleis snølaus her på Sunnmøre, og eg synest fargane i genseren står godt til fargane i naturen no i januar.