29. januar 2017

Frost

Frost er ein typisk islandsk genser med rundfelling. Genseren skal eigentleg strikkast i Lettlopi, men eg valde alpakkaull frå Sandnes. Eg hadde nemleg igjen restar etter å ha strikka denne mariusgenseren, 
Eg brukte pinnar nr 3,5 til vrangbordene og pinnar nr 4,5 til resten, og det gjekk med knapt 150 g av den brune botnfargen, ca 40 gram av okerfargen og rundt 30 gram av den kvite. Eg strikka str 1 år, den minste storleiken.
Dette er ei super oppskrift: lett og logisk. Fargane kan varierast i det uendelege, og på Ravelry kan du sjå nokre av dei fine Frost-genserane som er strikka.
Det er lite som minner om frost her på Sunnmøre. Det er vel heller snakk om grøn vinter.

26. januar 2017

Nok ein liten marius


Hakk i plata? Fantasiløyse? Kjedeleg? Tja, kanskje. Eg har strikka mange mariusplagg, men eg blir aldri lei av mønsteret.  Etter å ha strikka ein liten mariusgenser i romjula, hadde eg framleis garn igjen.  Difor har eg altså strikka endå ein mariusgenser, str. 1 år.
(Ikkje lett å ta bilde i sterk vind..) Genseren er strikka i Smart frå Sandnes. Pinnar nr 3 og 3,5.
Herleg blåfarge!

SÅ fint ver er det her på Sunnmøre i dag. Ti plussgrader, sol og skyfri himmel. Bildet er teke mot Ørstafjorden/Ørsta.

16. januar 2017

Favorittislandsgenser

Favorittislandsgenseren, designa av Vilde Sørdal, kan fort bli nettopp det- ein favoritt, altså. 
Eg har berre oppskrift på vaksengenser, men det er enkelt å rekne seg fram til mindre storleikar.  Denne skal passe ein seksåring og er strikka i grå, kvit og blå Nepal frå Drops. Genseren er svært kjappstrikka og er tjukk og varm. Kan brukast som ytterplagg no til våren, til dømes.
Eg brukte pinnar nr 4,5 på vrangbordene og pinnar nr 5 på resten.

15. januar 2017

Rundfelt Marius

Sennepsgul, kvit og brun.  Denne fargekombinasjonen har eg aldri brukt i eit mariusplagg før.  Men eg synest det vart ganske fint.
Genseren er strikka i alpakkaull frå Sandnesgarn. Det er første gong eg strikkar med dette garnet, og eg må seie at det fristar til gjentaking!
Eg har brukt pinnar nummer 4,5 på brota og 5 elles. Str L. La opp etter ei anna genseroppskrift i alpakkaull. Då eg kom til mønsteret, hadde eg same masketal som i str S i rundfelt marius i alpakka. Så det var dei ei smal sak å følgje fellingane derifrå.

12. januar 2017

Eliasvest (Klompelompe)

Så var det dette januarlyset då. Eller helst mangel på lys... Vel, eg har gjort eit forsøk på å dokumentere Eliasvesten eg har strikka. Oppskrift frå Klompelompe. Eg strikka i str 3-4 år og brukte Pickles pure alpaca.
Tre treknappar på kvar skulder, på den eine står det Made with love.

Vesten er strikka i dobbel perlestrikk, noko som gir ein enkel men fin effekt.


1. januar 2017

Liten mariusgenser

Innimellom store prosjekt (herregenserar i str XL) er det herleg å kunne starte på og få ferdig eit strikkaplagg i løpet av eit par dagar.   Denne gongen vart det nok ein mariusversjon: str 1 år i fargane grå, kvit og lilla.
Eg har eit mål om å bruke mest mogleg garn frå lageret (kremt, høyrt det før....?), og denne genseren er faktisk strikka av lagergarn.  Smart frå Sandnes, pinnar nr 3 og 3,5.
Dette var dei tre bilda eg klarte å ta. Stiv kuling, så genseren bles vekk mellom kvart bilde.