18. februar 2018

Stryta nr 2


Niåringen klaga over at "alle" strikkagenserane hennar hadde vorte for små.  Dermed vart islandsgenseren Stryta til i løpet av fem dagar. Tjukt garn og tjukke pinnar=då går det raskt unna.
Mønsteret står i boka Islandsk Strikk og skal eigentleg strikkast av Alafosslopi. Eg har brukt Alfa (grått og rosa) frå Sandnesgarn, som har cirka same strikkefastheita.   Den grå fargen har nummer 1042, den rosa er farge nummer 3511.  Det kvite er ein rest Air-garn frå Drops.
Vrangbordene er strikka på pinnar nummer 4,5, resten på pinnar nummer 6.  Og for første gong strikka eg vaksenstorleik til minstebarnet: str XS var midt i blinken, faktis.
Alfa-garnet var ei ny oppleving. Godt å strikke av og genseren er visst både mjuk og varm. Garnet er veldig lite drygt, eg brukte åtte nøster med grått og fire nøster rosa. 

15. februar 2018

Varde

Av og til (eller ganske ofte, eigentleg) kjem eg over strikkaplagg eg berre MÅ strikke. Denne genseren er eitt døme. Eg såg den første gong på Husfliden tidleg i fjor. Då fanst den berre som ferdigstrikk. Men i løpet av fjoråret kom Rauma med oppskrift!
Eg kjøpte garnpakke frå strikkehula.no og valde varianten med to gråfargar, natur og oker.
Genseren er strikka i Finull frå Rauma. Pinnar: 2,5 og 3.  Eg strikka str L.




12. februar 2018

Stryta


Samtale for fjorten dagar sidan:
- Mamma, skulle ikkje du strikke genser til meg til leirskulen?
- Oj, jau, eg sa vel det. Men er du sikker på at du vil ha strikkagenser då?
- Ja.
Leirskulen starta i dag. Så etter den samtalen for to veker sidan var det med andre ord berre å kaste seg rundt. (Det er ikkje kvar dag 12-åringen ønskjer seg eit strikkaplagg, for å seie det mildt...)
Valet fall på tjukke pinnar og tjukt garn, ikkje overraskande. Genseren er strikka på pinnar nummer 4,5 (4 på vrangbordene) i Drops Air frå lageret. Fargane er perlegrå 03, blå 16 og jeansblå 17.
Eg kunne ikkje bruke all verdas tid på å leite etter ei passande oppskrift, for her var det viktig å kome i gang med strikkinga fortast mogleg.-).  Eg tok næraste strikkebok og la opp etter str S i Riddari-oppskrifta i boka Islands Strikk.
Sjølve mønsterbordene er ikkje frå Riddari, dei henta eg frå genseren som heiter Stryta. Men sidan eg strikka av tynnare garn, måtte eg jukse til med ei ekstra bord øvst, for å få genseren lang nok.
Genseren passar perfekt til 12-åringen. Så no er håpet at den vert god å ha på leirskulen på Dombås denne veka.