11. mai 2019

Høddgenser i jubileumsåret

Idrettslaget Hødd vart stifta i 1919 og fyller dermed 100 år i år. Mannen er djupt engasjert i klubben og var brått interessert i at eg skulle strikke genser til han.
Det måtte sjølvsagt bli ein Hødd-genser, med Hødd og årstala på framsida, og slagordet Liten, men stor på ryggen.
Genseren er Mariusinspirert og er strikka i Smart frå Sandnes. Eg brukte pinnar nummer 3 på vrangbordene, 3,5 på resten. 
Genseren er i str XL og det gjekk med fjorten nøster av det blå garnet, og nesten to nøster kvitt.