31. desember 2013

Haustjakke

Hm, Pickles igjen, gitt. Denne gongen er det Høstjakke til 10-åringen: http://www.pickles.no/liten-hstjakke
Jakka er ikkje strikka i originalgarnet, men i garn frå Du store alpakka: ein tråd tynn alpakka i mørk lilla og ein tråd Faerytale i mørk lilla.  Heile jakka er strikka på pinnar nr 6. 
Det er alltid vanskeleg å fram lillafargar på bilde, særleg når det er nok ein regntung dag her på Sunnmøre. (Bilda er altså tekne i dag, på nyårsaftan. Mildver, regn og grøne markar på heimstaden min Eikrem i Volda.)
Framstykka er rillestrikka, resten er glattstrikka.


(5-åringen måtte få bli med på eitt bilde..)
Jakka er strikka ovanfrå og ned, og mønsteret finst også i vaksenversjon. Kjempefin passform!
Og sidan dette er siste blogginnlegg i 2013: Godt nyttår, sjåast i  2014!

30. desember 2013

Sidelengsgenser


Sidelengsgenseren frå Pickles (http://www.pickles.no/sidelengsgenser/) har lege nesten ferdig nokre veker. Den måtte vike plass for julegåveproduksjon, men no i romjula fekk eg gjort den ferdig.
Eg strikka den i str M, og den vart jammen stor nok. Pinnar nr 9 og originalgarnet frå Pickles: ein tråd angora og ein tråd merino. 
Det er alltid vanskeleg å få fram lillafargar på bilde, men her er det vel nokolunde rett gjengitt.
Genseren er, som namnet tilseier, strikka sidelengs frå erm til erm. Det vart eit stort og tungt arbeid å halde styr på, men det gjekk ganske greit.
Genseren er strikka lengre midt framme og bak.
Alle foto: Mathea Eikrem Flatin

27. desember 2013

Villsauene på Runde nr 2

Den andre versjonen av Villsauene på Runde måtte sjølvsagt også fotograferast med fugleøya Runde i bakgrunnen! 
Jakka er strikka av Baby Merino frå Drops (botnfagen), og restegarn (stort sett totråds ull) i rosa- og lillatonar.  Heile jakka er strikka på pinnar nr 3 og vart julegåve til ein snart 4-åring.


 

Alle foto: Arne Flatin

26. desember 2013

Villsauene på Runde nr 1



Sjølvsagt måtte eg strikke jakka Villsauene på Runde- for vi har utsikt mot fugleøya Runde frå huset vårt!  (Det er den største øya du ser på "toppen" av klehengaren).   Dette prosjektet var ein fin måte å bruke opp restegarn på, i denne varianten gjekk eg for blå- og gråtonar.  Botnfargen er mørk grå Baby Merino frå Drops. 
Sauene og nøsta er strikka i diverse garn, ma totråds frå Nøstebarn, mini alpakka frå Sandnes, New Zealand og Holst.
 
 
Her ser du også Runde: 
Heile jakka er strikka på pinnar nr 3.  Eg strikka den største str, 7-8 år, men den er vel ikkje akkurat så veldig stor.  Denne vart julegåve til ein snart 6-åring. 
Alle foto: Arne Flatin

25. desember 2013

Freyja

Jakka Freyja må vere det mjukaste av det mjuke!  Gratismønster finn du her.  Eg har strikka den i plateull, eller Platu Lopi, som finst i mange fine fargar.  Garnet var ei ny oppleving- det er som sagt veldig mjukt, men også ekstremt skjørt.   Difor tok det ei stund før eg fann rette teknikken for å unngå at garnet slitna heile tida. 
På pinnar nr 4,5 i str M gjekk det ganske raskt unna.  Eg har klipt opp framme og hekla kant med fastmaskar.  I kanten tok eg inn ein tråd mohair, for å gjere den litt sterkare.  Det var vanskeleg å finne dei rette knappane til denne jakka, men eg landa til slutt på tre perlemorsknappar.  Dei er veldig lette og vil difor ikkje tyngje jakka- som berre veg litt over 300 gram.

19. desember 2013

Sjømannsvottar- igjen

Nok eit bestillingsverk- sjømannsvottar strikka i Trysil på pinnar nr 3 i mørkeblått og kvitt.
Lanternefargar på tomlane.


17. desember 2013

Raupe

Kvit og raud lue med det klingande namnet Raupe, som er tysk og betyr åme. 10-åringen står modell- meir eller mindre frivilleg.
Lua skal følgje Frejavottane som julegåve, og er difor strikka i same garn og fargar som vottane: Raud og kvit Sisu. Dette er eit tynnare garn enn det oppskrifta legg opp til (http://www.ravelry.com/patterns/library/raupe),  så eg la opp til største str. på pinnar nr 3.
Her er det lett å sjå åmemønsteret:

9. desember 2013

Freja

Dette er truleg dei vakraste vottane i verda. Freja er ei gratisoppskrift på ravelry.com: http://www.ravelry.com/patterns/library/freja
Framsida er nydeleg...
... men det er jammen meg baksida også!!!!
Eg har strikka dei i raud og naturkvit Sisu på pinnar nr 2,5.

3. desember 2013

Uglevottar

Desse fantastiske vottane er nesten for fine/tøffe/kule til å vere sanne! Dei er designa av Jorid Linvik og oppskrifta får du kjøpt her: http://www.joridweb.com/butikk/butikk.html
Eg har brukt same garn som tilrådd i oppskrifta: koksgrå og lys grå Sisu. Vottane er strikka på pinnar nr 2,5. 

30. november 2013

Hønsestrikk

Det tok nesten tjue år (!!!?) å få ferdig denne genseren. Eller- eg strikka bol og ermar ein gong på 90-talet. Så vart det lagt til side, kanskje fordi eg ikkje gadd å montere akkurat då? Vel, genseren dukka nyleg opp att, og eg brukte berre eit par timar på å sy i ermane og ordne kragen....
Eg hugsar ikkje kven genseren var tiltenkt i utgangspunktet, men eg gjettar eit tantebarn (som sjølvsagt ikkje lenger har bruk for eit plagg i str ca 2 år:-))
Det er altså restegarn som er brukt, truleg Heilo, Peer Gynt og liknande. Så no må eg finne ein verdig mottakar!

22. november 2013

Rillejakke


Dette var eit relativt raskt prosjekt: rillejakke frå Nøstebarnboka. Eg har ikkje brukt originalgarnet, men Nepal frå Drops. Rundt kantane hekla eg fastmaskar.
Str 2 år. Og knappane er absolutt prikken over i-en:-) Kjøpt på etsy.com for ganske lenge sidan.




4. november 2013

Fuglevottar

Fugleinteressert venninne med burgunder som yndlingsfarge. Kva passar vel betre i gåve enn dette votteparet?
Mønsteret er henta frå ravelry.com: http://www.ravelry.com/patterns/library/bird-mitten-chart
Eg har brukt pinnar nr 3, og garnet er Panda babyull (det kvite) og Inka (det burgunder).

Ser du fuglane:-)?