5. desember 2021

Islender

Islenderen er tilbake i motebildet for fullt. Denne varianten er strikka i Vams frå Raumagarn på pinnar nummer seks.
Eg tok utgangspunkt i denne oppskrifta frå Rauma- men eg ville unngå å ha isydde ermar. Difor bestemte eg meg for å strikke frå halsen og ned. Eg la opp 74 maskar på pinnar nummer fem, strikka halskanten, skifta til pinnar nummer seks og delte av til framstykke (20 maskar), bakstykke (20 maskar) og to ermar (15 maskar kvar) - med ein raglanmaske mellom kvar del. 
Så auka eg ein maske på kvar side av raglanmaskane på annakvar omgang nedover. Og når overdelen passa mottakaren, delte eg av til ermar og bol.
Bolen er litt cropped- etter ønske frå mottakaren. Og ermane er litt posete, der felte eg berre nokre få maskar nedover- før eg reduserte masketalet til 36 på vrangborda.
Dette var ein rask og effektiv måte å strikke ein islender på. Vams er eit svært godt garn, som berre blir mjukare og mjukare i bruk.


10. oktober 2021

Afmæli

Kan det bli finare?? Denne genseren ligg som gratisoppskrift her, og har det blitt strikka i eit utal fargekombinasjonar. Ifølgje Google Translate betyr det islandske ordet Afmæli bursdag på norsk, og det passar bra- for denne genseren er ei bursdagsgåve. (Mottakar fekk lov til å velje seg ein genser eg skulle strikke.)
Genseren er strikka i str M i dei originale fargane i Lettlopi: Black sheep, Ligth beige heather, Bottle green heater, Violet heater, Stone blue heather, Celery green heater, Golden heater, Rust heater og Brick heater. 
Eg brukte pinnar nummer 3,5 på vrangbordene og 4,5 på resten.

9. oktober 2021

Blå Louisiana Sweater

Denne vart ferdig i sommar. Det er ein Lousiana Sweater frå PetiteKnit, strikka i tre ulike trådar: Kos frå Sandnesgarn (farge 5521), Plum frå Rauma (farge 067) og lyseblå Nøstebarn totråds merinoull.
Meiner eg brukte pinnar nummer seks på vrangbordene og elles pinnar nummer ni. Strikka i str XS/S- men tilpassa til mottakaren etter kvart. Sidan genseren blir strikka frå halsen og ned, er det enkelt å prøve på undervegs for å finne ut kva tid ein skal dele av til ermar og bol.

8. oktober 2021

Chunky rillejakke

Det er utruleg koseleg å strikke nokre små plagg av og til! Oppskrifta til denne jakka er henta frå Meg og ministrikk, ei bok av Lene Holme Samsøe.
Den er strikka frå halsen og ned, og det enkle flettemønsteret i raglanaukinga er veldig effektfull. Eg har strikka str 2 år og har brukt garnet Air frå Drops i ein lysblå farge.
"Made by Tante" står det på alle knappane.

1. oktober 2021

Lousiana Sweater

PetiteKnit har mange fine oppskrifter. Dette er Lousiana Sweater, som er ein enkel genser strikka ovanfrå og ned. Eg har strikka fleire slike i ulikt garn (er berre ikkje heilt i rute med blogginga...), og fordelen er at det er lett å tilpasse genseren etter kvart som du strikkar.
Denne er strikka i ein tråd Wish frå Drops (nr 05, beige) og ein tråd Pickles pure wool (nr 331). Sistnemnde er ein utgått farge, den finst i alle fall ikkje i nettbutikken til Pickles no.
Eg brukte pinnar nummer 6 på vrangbordene(skulle eigentleg vere nummer 8), og så pinnar nummer 9 på resten. Str XS/S.


4. september 2021

- Er det muleg?!

ER DET MULEG?!: 3. august 2021: Det er tidleg morgon når eg slår opp auga på rommet i femte etasje på Cochs Pensjonat i Parkvegen i Oslo. Resten av familien søv. Eg blir liggande å tenke. Stemmer det at eg nokre timar tidlegare hadde stått ikledd nattkjole på golvet her og ropt høgt? Eg sjekkar nettavisene, og fleire stader lyser sitatet “Er det muleg?!” imot meg. Ifølgje rapportane frå Tokyo var det det Karsten Warholm ropte då han var komen i mål og innsåg at han hadde sett ny verdsrekord på 400 meter hekk med tida 45,94.
Det slår meg at det er på tide å gjennomføre ein idé eg har hatt sidan han tok det første VM-gullet i 2017.

Seinare den dagen går eg difor innom Husfliden på Stortorvet. “Skal jeg hjelpe deg med noe?”, blir eg spurt medan eg står og vurderer dei ulike garntypene. “Neidå, eg skal berre finne Dimna-fargane”, seier eg- og får eit svært spørjande blikk til svar.
No er genseren ferdig. Den er kraftig inspirert av Karsten, Dimna IL og det utrulege OL-gullet. Ser du etter, skal du finne både hekkar, OL-ringane, verdsrekorden, løpebanene, sitatet- og ein Dimnakorr. Genseren er strikka i finull frå Raumagarn, og er i storleik L. Dette er dameversjonen, planen er å strikka også ein herreversjon.

6. juni 2021

Gul Puttygenser

Påska varte visst heilt til juni år.. Dette er ein Puttygenser frå Sandnesgarn, strikka i garnet Kos. Eg starta på den i påska, men fekk ikkje fullført den før no nyleg.
Eg strikka str L på pinnar nummer 5 og 5,5. Oppskrifta finst i eit julehefte frå Sandnesgarn. Mjuk og herleg genser, som eigentleg er veldig kjapp å strikke.

5. juni 2021

Kufjordkofta

Kufjordkofta er eit design frå Hjørundfjordstrikk i Ørsta. Jakka er strikka i Rauma finull i åtte (!) ulike fargar på pinnar 2,5 og 3.

Dette er eit bestillingsverk i str M, og bilda vart tekne ved Ørstafjorden på veg til overlevering. 
Eit svært omfattande prosjekt, med mønster heile vegen og isydde ermar og knappestolpar.

6. april 2021

Tova vottar- og eitt par tøfler

Vinter har blitt ei tid for vottestrikking for meg. Og som vanleg: mangel på dagslys gjer at det blir smått med bildetaking. Vel, til no i år har det blitt nitten vottar, alle tova. Eg har stort sett brukt Fritidsgarn, men også litt Vams og Alafosslopi. Det vart også eitt par Mariustøfler. På bildet knipsa eg ein del av produksjonen, før alt fekk nye eigarar.
Må ha med strikketøyet over alt- i tilfelle det dukkar opp nokre ledige minutt!

5. april 2021

RETRO: Fanagenser

Eg har sikkert sagt det før, men eg likar å ta vare på strikkaplagg. Denne genseren er nok rundt tretti år gamal.
Mønsteret er Fana og fargane er grønt og kvitt. Eg er ikkje heilt 100 prosent sikker, men eg trur genseren er strikka i garnet Heilo frå Dale. Og sikkert i storleik M. Genseren er litt vid og kort og har vide ermar. Det er visst litt moderne no, ifølgje tolvåringen. 
Nydeleg vårlys på stranda!

4. april 2021

Balaklava

Ifølgje moteverda var visst dette vinterens store "must have". Ein balaklava. Eit praktisk plagg med lue og hals i eitt. Eg strikka denne til husbonden, som stadig vandrar på lange fjellturar. Mønster er frå Bystrikk, og garnet er Alpakka Magic. Pinnar nummer 5,5 og 6. Eg strikka den største storleiken, Large.

5. februar 2021

Bernie Sanders-vottar

Måtte berre.... Dei fleste har vel fått med seg at Bernie Sanders har fått mykje merksemd etter innsetjinga av Joe Biden som president i USA. Eg har strikka vottane i restegarn av Vams frå Rauma (det grå) og elles brunt Lettlopigarn.