21. februar 2019

Hennie

Det er noko eige med islandsk ull! Denne genseren heiter Hennie og er strikka i Lettlopi. Oppskrift og garn er kjøpt hos garnmani.no. Eg valde å bruke fargane som er brukt i jakkeversjonen.
Eg strikka str Large. Genseren er strikka frå halsen og ned.


19. februar 2019

The Weekender

Eg har masse garn frå Nøstebarn.Denne genseren er strikka i dobbelt to tråds slikt garn. Oppskrifta er laga av Andrea Mowry, og du kan lese meir om The Weekender her
Eg brukte pinnar nummer 4,5 og 5,5, og totalt gjekk det med 400 gram garn. Fargen heiter Haustgul og har nummer 888. Ein lett og varm genser!

18. februar 2019

Rosa hjartevott

Desse strikka eg mange par av som julegåver- men eg rakk visst berre å ta bilde av dette eine paret. (Det har noko med mangel på dagslys i desember å gjere...). Vottane er strikka i Finull frå Rauma på pinnar nummer seks, og så tova på førti grader i vaskemaskina. Oppskrifta kan du kjøpe her: https://www.sandnesgarn.no/hjertevotten

17. februar 2019

Norsk skoggenser


Eg har lenge vore ein stor fan av Valleyknits (Sjekk ut!: blogg, Instagram, Ravelry). Norsk Skoggenser er eitt av dei nyaste designa hennar og er eigentleg ein genser med isydde ermar. Eg bestemte meg for å lage raglanfelling- for å sleppe unna å sy i ermar. Det blei eit ok resultat, synest eg.
Genseren er strikka i dobbel Finull frå Raumagarn. Eg har brukt originalfargane men med ein liten vri: i staden for å strikke dobbelt med same farge, har eg brukt to ulike gulfargar, grønfargar og brunfargar. 
Her er fargane: Genseren er strikka i dobbel tråd lys grå, fargekode 0403. Det gule er ein tråd 4076 og ein tråd 0450. Det grøne er ein tråd 0486 og ein tråd 0476. Og det brune (mellom anna vrangbordene på ermane) er strikka i fargane 0464 og 4081.
Vrangbordene er strikka på pinnar nummer 4,5, resten på nummer 6. Eg strikka etter str L og det vart ein romsleg og ikkje minst varm genser.

Mariusgenser i lun ull

Yngstejenta har vakse ut av nesten alle strikkagenserane sine. Då måtte det gjerast noko. Resultatet vart ein mariusgenser, strikka i Lun ull frå Sandnes. (Trur garnet er på veg ut av sortimentet til Sandnes, eg kjøpte det på sal før jul i den lokale garnbutikken.)
Ho ville ha berre to fargar (eg ville ha rosa som tredje farge, men vart nedstemt..) Genseren er strikka på pinnar nummar fem (4,5 til vrangbordene). Eg hadde ikkje oppskrift, men trur genseren er ein XS/S.