Viser innlegg med etiketten ull. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten ull. Vis alle innlegg

5. april 2021

RETRO: Fanagenser

Eg har sikkert sagt det før, men eg likar å ta vare på strikkaplagg. Denne genseren er nok rundt tretti år gamal.
Mønsteret er Fana og fargane er grønt og kvitt. Eg er ikkje heilt 100 prosent sikker, men eg trur genseren er strikka i garnet Heilo frå Dale. Og sikkert i storleik M. Genseren er litt vid og kort og har vide ermar. Det er visst litt moderne no, ifølgje tolvåringen. 
Nydeleg vårlys på stranda!

18. februar 2017

Alle skal få!


Om eg kunne strikke Lothepusluer til alle jentene i tredje klasse...?  Klart eg kunne! Heldigvis er det berre fem jenter i klassa til åtteåringen, og sidan ho allereie hadde fått ei Lothepuslue, var det berre å strikke fire til.   Alle luene er strikka i originalgarnet Dale Pure Eco Wool på pinnar nr 4. Ei lue fekk koksgrå som hovudfarge og lys lilla som kantfarge.
Denne har lys grå som hovudfarge og lys lilla som kantfarge.
Her er det lilla kantfarge og grå som hovudfarge.
Denne har lys rosa kantfarge og sandbeige som hovudfarge.
På alle luene la eg opp 96 maskar. 
Oppskrifta er gratis frå Dale, her hos TV2 finn du den.

29. januar 2017

Frost

Frost er ein typisk islandsk genser med rundfelling. Genseren skal eigentleg strikkast i Lettlopi, men eg valde alpakkaull frå Sandnes. Eg hadde nemleg igjen restar etter å ha strikka denne mariusgenseren, 
Eg brukte pinnar nr 3,5 til vrangbordene og pinnar nr 4,5 til resten, og det gjekk med knapt 150 g av den brune botnfargen, ca 40 gram av okerfargen og rundt 30 gram av den kvite. Eg strikka str 1 år, den minste storleiken.
Dette er ei super oppskrift: lett og logisk. Fargane kan varierast i det uendelege, og på Ravelry kan du sjå nokre av dei fine Frost-genserane som er strikka.
Det er lite som minner om frost her på Sunnmøre. Det er vel heller snakk om grøn vinter.

16. januar 2017

Favorittislandsgenser

Favorittislandsgenseren, designa av Vilde Sørdal, kan fort bli nettopp det- ein favoritt, altså. 
Eg har berre oppskrift på vaksengenser, men det er enkelt å rekne seg fram til mindre storleikar.  Denne skal passe ein seksåring og er strikka i grå, kvit og blå Nepal frå Drops. Genseren er svært kjappstrikka og er tjukk og varm. Kan brukast som ytterplagg no til våren, til dømes.
Eg brukte pinnar nr 4,5 på vrangbordene og pinnar nr 5 på resten.

15. januar 2017

Rundfelt Marius

Sennepsgul, kvit og brun.  Denne fargekombinasjonen har eg aldri brukt i eit mariusplagg før.  Men eg synest det vart ganske fint.
Genseren er strikka i alpakkaull frå Sandnesgarn. Det er første gong eg strikkar med dette garnet, og eg må seie at det fristar til gjentaking!
Eg har brukt pinnar nummer 4,5 på brota og 5 elles. Str L. La opp etter ei anna genseroppskrift i alpakkaull. Då eg kom til mønsteret, hadde eg same masketal som i str S i rundfelt marius i alpakka. Så det var dei ei smal sak å følgje fellingane derifrå.