6. mai 2016

Space Invaders

 Alle som likar dataspel og vaks opp på 80- og 90-talet vil nok nikke gjenkjennande til desse figurane. Genseren er eit bestillingsverk og baserer seg på ei oppskrift frå Arne&Carlos.
Eg har strikka genseren i Smart frå Sandnes, pinnar nr 3 på vrangbordene og elles nr 3,5. For å få rette måla strikka eg etter str XL, noko som resulterte i ein genser i str L. Trur oppskrifta legg opp til tettsitjande plagg, nemleg.


Tarzan er som vanleg hjarteleg til stade når det skal takast bilde...