9. desember 2018

Bellavottar


Bellavottane er skikkeleg fine! Oppskrifta finn du gratis her.
Eg har brukt Nepal frå Drops og pinnar nummer 5.






8. desember 2018

Grå lue


Garnet Lun Ull frå Sandnes har eg ikkje prøvd før. Førsteinntrykket er godt og garnet passa veldig godt til dette lueprosjektet. Tiåringen bestilte lue til ein lærar, som hadde bursdag no i desember.
Eg la opp 80 maskar på pinnar nummer fem og strikka ein rett og ein vrang nokre centimeter. Bytta etter kvart til pinne nummer 5,5 og heldt fram med vrangbordstrikk. Felte av litt på måfå.
Eg brukte akkurat 50 gram garn, og lua sat visst som eit skot på mottakaren. Nummeret på fargen er 4254.

17. september 2018

Ingrid Pullover

Endeleg! Fjorårets julegåve til systera mi er ferdig! Ho fekk eit "seikvaegskalstrikketildeggåvekort" i julegåve, og då ønske ho seg denne genseren. Den heiter Ingrid Pullover og oppskrifta er å få kjøpt på Ravelry.
Eg strikka str M (det er fjortenåringen min som står modell her), så eg håper genseren kjem til å passe. Vrangbordene er strikka på pinnar nummer 3,5, resten på pinnar nummer fire.
Fargane er ein blåkopi av Iilalu sin versjon, som også ligg på Ravelry.  Garnet heiter Swans Island All American Sport, som er laga av 100 prosent ull. Botnfargen heiter Cloud, det oransje heiter Poppy. Den lilla heiter Crocus, det kvite Ecru og den gråblå heiter Storm. 
Snedig løysing på brotet: halve genseren har vrangbord, den andre halvparten har rillestrikk.
Halsen blei litt vid, så den er stramma inn med ein omgang fastmaskar.
Garnet er litt melert, noko som gir ein fin ekkekt.


8. september 2018

Ut mot havet-genser

Eg valde litt andre fargar (for å seie det mildt) enn det Dorthe Skappel har gjort i denne Ut mot havet-genseren. Oppskrifta er gratis og du finn henne her.
Hovudfargen er ein tråd mini alpakka frå Sandnes (farge nr 4554) og ein tråd Suri Alpakka frå Sandnes (farge nr 4545). Det grå er ein tråd mini alpakka og ein tråd Suri. Det grøne og det gule er ein tråd Royal Alpakka frå Sandes og ein tråd Pickles Cozy.
Eg brukte pinnar nummer sju og strikka str M. Det blei ein romsleg og tjukk genser.
Ein fin måte å bli kvitt litt restegarn på!

2. september 2018

Gul Gemma

Gemma-genseren finst i mange ulike fargar. Eg kjøpte garn til den gule versjonen hos Strikkemekka. Resultatet vart ein veldig mjuk genser.
Genseren er strikka i ein tråd ALPAKKA FORTE (80 %  alpakka, 20 % nylon) og ein tråd KIDSILK ERLE (56 % mohair, 26 % silke, 18 % ull) på pinnar nummer 4 og 4,5. Eg strikka den i str. L.



1. september 2018

Lue i nytt garn

Det dukkar stadig opp nye garnsortar og eg rekk ikkje å prøve alle. Men Kos frå Sandnesgarn måtte eg berre teste! For mjukare garn skal du leite lenge etter. Eg kjøpte to nøster gråmelert (farge 1043) for å strikke ei lue. 
Garnet inneheld babyalpakka, ull og nylon. Eg brukte pinne nummer 5,5 og strikka ei lang vrangbord, heldt fram med glattstrikk og felte så i løpet av nokre omgangar.
Resultatet vart ei veldig mjuk lue. Men eg synest ikkje det nye garnet var så veldig godt å strikke av, det sat liksom litt fast i pinnen. Men det er veldig drygt, eg brukte berre 50 gram til denne lua. 
Og som vanleg: Tarzan, som nyleg fylte ti år, blir gjerne med når det skal takast bilde tl bloggen.



22. april 2018

Glittertind


Altså. Denne genseren trudde eg aldri at eg skulle få ferdig. For hjelpe meg for eit tolmodsprosjekt!
Det handlar om genseren Glittertind, som er i boka Norsk Strikk, fra tradisjon til mote. Det er ikkje éin omgang utan mønster. Her må ein ha full konsentrasjon heile tida, elles ber det gale av stad.
Genseren skal eigentleg strikkast i Peer Gynt, men eg valde Mitu frå Rauma. Mottakaren, ei tantejente, ønskte seg genseren i raudt og kvitt. Og slik vart det! (Det er ikkje mottakaren som står modell her.)
Vrangbordene er strikka på pinnar nummer 3, resten på pinnar nummar 3,5.
Og sidan ingen av storleikane i oppskrifta passa måla til mottakaren, måtte eg improvisere og redusere masketalet. Landa til slutt på XS/S, vil eg tru.
Endeleg vår!

18. februar 2018

Stryta nr 2


Niåringen klaga over at "alle" strikkagenserane hennar hadde vorte for små.  Dermed vart islandsgenseren Stryta til i løpet av fem dagar. Tjukt garn og tjukke pinnar=då går det raskt unna.
Mønsteret står i boka Islandsk Strikk og skal eigentleg strikkast av Alafosslopi. Eg har brukt Alfa (grått og rosa) frå Sandnesgarn, som har cirka same strikkefastheita.   Den grå fargen har nummer 1042, den rosa er farge nummer 3511.  Det kvite er ein rest Air-garn frå Drops.
Vrangbordene er strikka på pinnar nummer 4,5, resten på pinnar nummer 6.  Og for første gong strikka eg vaksenstorleik til minstebarnet: str XS var midt i blinken, faktis.
Alfa-garnet var ei ny oppleving. Godt å strikke av og genseren er visst både mjuk og varm. Garnet er veldig lite drygt, eg brukte åtte nøster med grått og fire nøster rosa. 

15. februar 2018

Varde

Av og til (eller ganske ofte, eigentleg) kjem eg over strikkaplagg eg berre MÅ strikke. Denne genseren er eitt døme. Eg såg den første gong på Husfliden tidleg i fjor. Då fanst den berre som ferdigstrikk. Men i løpet av fjoråret kom Rauma med oppskrift!
Eg kjøpte garnpakke frå strikkehula.no og valde varianten med to gråfargar, natur og oker.
Genseren er strikka i Finull frå Rauma. Pinnar: 2,5 og 3.  Eg strikka str L.