24. juli 2012

Stripegalskap

Ta behov for ny strikkadress + ein snart 4-åring + fire hesper Ask i herlege fargar +  ei strikkevilleg mamma = flunkande ny ulldress midt på sommaren!

Vinterdress med sommarfuglknappar:-)
Lime, oransje, rosa og lila striper.  Kantane er grå.

I ermbrota er det hol til tomlane- kan vere godt under vottane:-)

På blåbærjakt.

Utruleg fine fargar i Ask frå Hillesvåg! 

Dressen er strikka etter eige hovud, rett og slett fordi eg i farta ikkje fann oppskrift på dress i ca str 5 år. Eg brukte pinnar nr 3 på vrangbordene og 3,5 på resten av dressen.  I fargeskifta strikka eg ein omgang rett frå vrangen, for å få ei rilleeffekt.  Raglanfelling gjer at dressen blir god under regndress og vinterdress.

Stikk av frå fotografen.

16. juli 2012

Osloanorakk nr 3

 Eh, ja, alle gode ting er tre.   Nummer tre i rekka av Osloanorakkar er ferdig.  Denne gong i str 6-12 mnd.    Det melerte garnet er sokkegarn frå Online (Bambini) og det lilla er sokkegarn frå Cash Sock. Heile anorakken er strikka i dobbel tråd på pinne nr 4,5.




 Vanskeleg å få fram på bilde- men knappane er kvite med grøn bamse på.

14. juli 2012

Osloanorakk- igjen


Ein suksess kan vel ikkje gjentakast for ofte, difor har eg strikka nok ein Oslo-anorakk frå Pickles. Også denne gongen strikka eg i Nepal frå Drops, pinnar nr 4,5.  Str, 5/6 år.
 Inga (3,5) var i utgangspunktet skeptisk til fargane, fordi ho verken likar glått (grått) eller blunt (brunt), og fordi det er oransje og ikkje rosa som er yndlingsfargen.  Men ho tok genseren raskt i bruk her i sommar"varmen" på Sunnmøre (12+).  

Knappane har ho valt sjølv- treknappar i hjartefasong.