25. desember 2010

Monsterbukse X 2

Desse to var julegåve: monsterbukser. Den grå/rosa er i str 2 år. Den grå/blå er i str 4 år. Begge er strikka i Smart på pinne nr 4.





24. november 2010

Lue

Då var også lua ferdig. Høyrer altså saman med dressen i innlegget under:-)

Dress


Nok eit bestillingsverk er ferdig; heil dress i str 2 år. Dressen er strikka i Smart på pinnar nr 2,5/3,5, og oppskrifta er frå Sandnes.

20. november 2010

Enkel vest- igjen

Det vart ein enkel vest til, gitt. Garnet er handfarga merinoull frå Tanis Fiber Arts og fargen heiter seabreeze. Eg strikka i str 3 år, men sidan eg brukte litt tynnare pinnar enn det eigentleg skal vere, er vesten heller i str 2 år.

29. oktober 2010

Enkel vest

Denne vart mjuk og varm, altså! Oppskrifta er frå Pickles. Eg har strikka den på pinnar nr 4,5 og garnet er økologisk ull frå Järbo Garn. Str 1 år.


Definitivt haust!

26. oktober 2010

Bukse og jakke

Dette settet frå Sandnes er strikka på bestilling. Jakke og bukse i Sisu, pinne nr 3. Settet er til ei jente på snart to år:-)




7. august 2010

Sommarstrikk

Sommar er visst dårleg tid for bloggskriving- men eg har produsert litt, altså;-) Her er ein bunke klutar/oppvaskklutar som er strikka/hekla i løpet av sommarvekene:
Strikka:
Hekla:


Sidelæns

Garn og oppskrift til denne kjolen- Sidelæns- er kjøpt hos Geilsk. Garnet er ei blanding av ull og bomull, og som namnet fortel, er kjolen strikka sidelengs. Eg har strikka den i str 2 år.
Marihøneknappar:

Slik ser kjolen ut bak:

9. juni 2010

Evigheitsprosjekt..


Dette skal etter planen bli sengeteppe til ei enkeltseng. Fire fargar; kvit, rosa og to lillafargar. Det går nok både vinter og vår før teppet blir ferdig, men eg er i alle fall godt i gang!

8. juni 2010

Nøstebarndress

Denne blir god under regndressen til hausten! Oppskrifta er henta frå nøstebarnboka. Str 3 år. Garn frå 123knit (New Zealand lammelull).


6. mai 2010

Jakke

Oppskrifta til denne jakka er henta frå Sandnes. Eg har strikka den i Rowan Baby Alpaca, str 2 år. Flettemønsteret var litt plundrete, men vart veldig dokorativt.


8. april 2010

Vesle oldemor

Her har eg kombinert sying og hekling. Sjølve kjolen er av grå polarfleece. Kanten er sett saman av oldemorsruter, hekla av diverse ullgarnrestar. Str 6 år.

Lilla kjole

Blod på tann? Tja, gøy å sy i alle fall! Her er ein liten kjole i lilla ullfilt frå Stoff og stil. Sjølvlaga mønster. Str 1-2 år, ca.







6. april 2010

Grøn glede

Endeleg har eg gjort noko anna enn å strikke! I dag har eg sydd denne kjolen- tidvis med ein feberheit 1,5åring på fanget...
Detalj:
Detalj (hjarte av vrangsida av stoffet):
Kjolen er sydd av ullfilt frå Stoff og stil. Mønsteret har eg laga sjølv.

4. april 2010

Oline 2

Då er Oline nummer to ferdig. Oppskrifta er henta frå birgirsdottir. Garnet heiter Lett Lopi. Pinnar nummer 4,5, str M/L.


Kjolen er god og varm- kanskje for varm for den årstida vi går inn i no. Men til vinteren skal den nok bli god å ha:-)

2. april 2010

Rett i fletta

DROPS har kome med eit nytt garn; Nepal, og det måtte eg sjølvsagt prøve! Garnet er ei blanding av ull (65 %) og alpakka (35 %). Det er mjukt og godt å strikke av- og resultatet vart denne genseren. Str ca 6 år, pinne nr 4,5. Eg har kalla den Rett i fletta:

28. februar 2010

Kjole i Puno


Dette vart ein herleg, mjuk og varm kjole! Den er strikka i Rauma sitt nye alpakkagarn Puno.
Pinnar nr 6, str L. Rillemønster midt framme og bak: