Den (førebels) siste Skappelaktige gensaren er koksgrå, ca str S. Strikka i alpakka frå Drops og Kitten Mohair frå Sandnes. Eg brukte pinnar nr 6,5. Det gjekk med nesten seks nøster alpakka og litt over fire nøster mohair.
Same framgangsmåte som dei andre: eg strikkar bolen i eitt stykke- felte til hals og la opp maskar i nakken. Bakstykket er ti cm lengre enn framstykket.
4. november 2012
1. november 2012
Voldingvest
Nok ein vest med ordknappar har sett dagens lys. Også denne er strikka i totrådsgarnet frå Nøstebarn- lillafargen er veldig vanskeleg å få fram på bilde.
På knappane står det Ej e volding. (Volding er ein person frå Volda, altså). Knappane er sjølvsagt frå Snella og Petronella. Vesten vil passe ein nyfødd og nokre månader framover.
På knappane står det Ej e volding. (Volding er ein person frå Volda, altså). Knappane er sjølvsagt frå Snella og Petronella. Vesten vil passe ein nyfødd og nokre månader framover.
25. oktober 2012
Skappel nr 4
Då har også husets yngste fått sin Skappel. Det kjem neppe som noka stor overrasking at fargen er oransje:-). Strikka på pinnar nr 6.5 i alpakka og vivaldi frå Drops.
Eg la opp 50 maskar og strikka bolen i eitt stykke. Så tok eg opp 46 maskar til ermane og felte nedover til 26 maskar. Forresten frykteleg kaldt her i dag- den første snøen er her, gitt.
21. oktober 2012
Skappel nr 3
Eg er visst inne i ein stim av Skappelinspirerte genserar. Denne er strikka på pinne nr 6,5 i str 5-6 år. Garnet er frå Drops: Babyalpaka silk og Vivaldi.
Eg la opp 56 maskar og strikka heile bolen i eitt. Til ermane plukka eg opp 52 maskar på skuldrane og felte til 28 maskar.
Dette vart eit ekstremt mjukt plagg!
17. oktober 2012
Skappel nr 2
Her går det unna- Skappelgensar nr 2 er ferdig og allereie overlevert til ei kjekk nabojente. Også denne er strikka i Sandnes minialpakka og Kitten Mohair på pinne nr 6,5. Str er ca 11-12 år.
Eg la opp 70 maskar og strikka heile bolen i eitt stykke. Plukka opp 56 maskar til ermane og felte jamt til 32 maskar.
Og slutt eit lite mjau frå sjølvaste Tarzan. Kanskje han har lyst på ein skappelgensar.. :-)?
13. oktober 2012
Skappel nr 1
Alpakkaen er mørk rosa, mohairen lillarosa. Veldig mjukt resultat! Og så tok det berre fire kveldar å gjennomføre dette prosjektet:-)
(Og som tittelen på dette innlegget fortel; det kjem fleire slike- eg er allereie i gang med nr 2.)
30. september 2012
Stripekjole
Stripekjolen frå Pickles har stått på ønskelista lenge. Og når eg først starta, vart det eit litt langdrygt prosjekt. Patentstrikkinga tok jammen tid!
Kjolen er strikka i originalgarnet Albulita på pinnar nr 4.5. Hovudfargen er lyseblå, medan farge nummer to er melert i blåtonar. Str 9-11 år.
Resultatet vart ein fantastisk mjuk kjole, som mottakaren er strålande fornøgd med.
Kjolen er strikka i originalgarnet Albulita på pinnar nr 4.5. Hovudfargen er lyseblå, medan farge nummer to er melert i blåtonar. Str 9-11 år.
Resultatet vart ein fantastisk mjuk kjole, som mottakaren er strålande fornøgd med.
Abonner på:
Innlegg (Atom)