20. juni 2013

Hitchhiker

Verdas beste lærar skal ikkje lenger vere lærar for 9-åringen. Det måtte markerast, og som takk fekk ho dette sjalet.  Hitchhiker er eit av dei mest populære prosjekta på ravelry, berre sjekk HER.
Eg har strikka det i Wollmeise, fargen heiter ein klein wenig verrûcht. For ei stund sidan selde eg faktisk heile Wollmeise-lageret mitt- eg fann liksom aldri dei rette prosjekta å bruke garnet til.  Men akkurat dette hespet i fine lillatonar vart liggande igjen, og passa perfet til dette sjalet.
Sjalet har 45 taggar og veg godt og vel 150 gram. Eg brukte pinnar nr 3, og ei veke på strikkinga. Håpet er at det fell i smak og at det vil varme lærarinna som har gitt jenta vår fire gode år i grunnskulen.



 
Det tok si tid, men no blømer endeleg epletreet vårt.  Spenande å sjå om det blir frukt på treet i år!

4. juni 2013

Veksejakke

Jippi, vi har fått ein ny, liten nabo!  Og slike ferske naboar fortener ei lita gåve:-) Litt dilemma for ein ullentusiast som meg: kan eg strikke i ull til ein vårbaby...?  Vel, valet fall på veksejakka frå Nøstebarn. Strikka i totrådsgarnet frå nettopp Nøstebarn, str 0-1 år. Så håper eg det blir ver til å bruke jakka utover sommaren/hausten/vinteren.
Den velbrukte Storedokka sa ja til å vere modell. Eg synest ho klarte oppdraget veldig bra, eg!

19. mai 2013

Rullegenser


Enkelte strikkebøker kjem eg tilbake til gong etter gong. Nøstebarnboka er ei slik.  Denne gongen vart det ein rullegenser utan knappar.  Strikka i totrådsgarn frå Nøstebarn, pinnar nr 2,5 og 3.  Str 1,5- 2 år.
Desse plagga vert lette og mjuke.

4. mai 2013

Bestevennkjole

4-åringen har mange venninner, dei fleste går i same barnehage.  Men det er EI som er sårt sakna, for ho har skifta barnehage..  Då er det veldig koseleg å få bursdagsinvitasjon!  Eg sydde ein kjole,som venninna fekk i gåve. Den er sydd av eit gamalt dynetrekk i herleg, mjuk bomull.  Og fekk eit par hjarte, for å symbolisere venskapen mellom dei to jentene:-) 







26. april 2013

Løvebrøl

To trøytte morgontryne i løvekjolar:-)  Kjolane er sydd i brun velour/chenille og løvestoff i stretchjersey, begge frå Stoff&Stil. 
Jentekjolen er sydd etter eige hovud, veldig enkel modell med strikk i ermar og krage. Romsleg modell som kan brukast lenge.
Vaksenkjolen er sydd etter mønster frå boka Made by me, der Klinkekult har bidrege med Sukkertøykjolen. Str L, men den vart eigentleg litt for stor.  Neste gong kan eg trygt ta inn nokre cm i sidene.
Tarzan fekk ikkje kjole, men ville som vanleg vere med på bilde:-) 

21. april 2013

Hjem

Følgde du med på tv-serien Hjem på NRK1?  Då la du kanskje merke til dei mange fine strikkaplagga. Ein av hovudpersonane, Oda, hadde mellom anna ein veldig fin islandsgenser.  
Det er denne i brunfargar (bildet er henta frå facebooksida til serien).   Og dennne i gråfargar er min.

Mønster og garn er kjøpt hos Birgirsdottir. Det skal eigentleg vere knappestolpe på venstre skulder, men det droppa eg.
Genseren er strikka i Alafoss Lopi på pinnar nr 4,5 og 6, så dette gjekk veldig raskt unna. Genseren er veldig tjukk og veldig varm. 


....og som vanleg dukka Tarzan opp til fotograferinga...

15. april 2013

Og vinnaren er.....!

1. Her ligg det 24 lappar med namna til dei som melde seg på i gi vekk-konkurransen min.
Premien er denne boka av Tine Solheim:
2. No har eg bretta alle lappane saman, slik at eg ikkje ser namna.
3. Så trekkjer eg EIN av lappane....  
4. Og vips! Elviras drops får boka! Gratulerer!
Her er bloggen Elviras drops- absolutt verd eit besøk!