![]() |
| Foto: Marie Flatin |
Ein kjekk, liten fyr har fått ny jakke! E.T. er eit utanomjordisk vesen frå filmen med same namn, som hadde premiere i 1982. Denne versjonen er eit kjært kosedyr for ein av tanteungane mine, som fint spurde om eg kunne strikke Mariusgenser til E.T.(Akkurat slikt som smeltar eit tantehjarte...) Det viste seg å vere lettare å ordne ei jakke- pga det ekstremt store hovudet.( på E.T., altså:-))
Eit gamalt Heilo-nøste gjekk med, i tillegg til litt smårestar med raudt og kvitt. Og pingvinknappar i tre.
Litt varmt med ulljakke i solveggen, kanskje...?Jakka er strikka på pinnar nr 3 i str S utanomjordisk vesen.













































