30. juni 2012

Osloanorakk

Denne geniale hettegensaren heiter Oslo-anorakk.  Mønster frå Pickles.  Eg har strikka den i Nepal frå Drops på pinnar nr 4,5. Str 6/12 mnd.



6. juni 2012

Oldemorsteppe


Hurra!  I dag er det både 17. mai og julaftan- for eg har fått ferdig oldemorsteppet eg starta på for to år sidan.    Den gongen kalla eg det eit evigheitsprosjekt, og varsla at det kom til å gå både vinter og vår før eg vart ferdig.  Vel, det har gått 2xvinter og 2xvår.....


Kvifor eg har brukt så lang tid?  Tja, sjølve heklinga gjekk ganske raskt, sjølv for meg som eigentleg ikkje kan hekle.   Samanheklinga grudde eg meg til, så den utsette eg nokre månader.   Men det gjekk greit då eg endeleg tok mot til meg.   Men så var det denne trådfestinga då....   Hjelpe meg kor mykje tid eg brukte på det!

Teppet er sett saman av 96 ruter, hekla i merinoull frå Drops. Rundt kanten har eg prøvd meg på ein enkel heklekant.

Oldemorsteppet skal etter planen pryde senga til 8-åringen i huset.   Trur ho nesten hadde gitt opp trua på at teppet skulle bli ferdig:-)!

27. mai 2012

RETRO: Sirdalskofte

Igjen ha eg leita litt i bunken med strikkaplagg som er nokre år gamle.   Dette er sirdalskofte, strikka i eit eller anna garn frå Dale ein eller annan gong på 90-talet.    Det finst mange ulike strikkakofter i Noreg- dette er ei av dei finaste, etter mi meining.
Hugsar eg måtte få hjelp av mamma til å sy på banda. 



19. mai 2012

Chilivest

 Denne vesten er strikka av Wollmeise, twin.  Fargen heiter Red hot chili.   Strikka frå halsen og ned på pinne nr 3.  Eg brukte heile nøstet, dvs 150 gram.  Str. ca 4 år.  Strikka etter innfallsmetoden- utan oppskrift.

 Det spesielle med vesten er knappane på ryggen- fem i nakken og fire heilt nedst.




Litt motvillig modell.......

2. mai 2012

Høddmarius

Denne mariusvarianten gir truleg null meining for dei som ikkje er så opptekne av fotball:-)   Men Hødd er namnet på fotballaget (1. divisjon) her i Ulsteinvik.  Og sidan 3,5-åringen er ein ihuga
Hødd-tilhengar, passa det bra med ein slik kjole.


                                   Ho er spesielt glad for at det også er hjarte på kjolen.



"No går det berre ein veg, Hødd!"
                                                   
Kjolen er strikka frå halsen og ned. Garn: Falk (det blå) og Smart (det raude og kvite), pinnar nr 3,5.

1. mai 2012

Babyteppe

Det er varmt og mjukt. Babyteppe strikka i 2-trådsgarn frå Nøstebarn.   Skråstrikka på pinnar nr 6 og det gjekk med 200 gram garn.   Ganske stort- så dette vil nok passe heilt til konfirmasjonsalderen:-D



28. april 2012

Rosa vest

Rosa vest basert på eit favorittmønster: enkel vest frå Pickles.  Vesten er strikka i Freestyle frå Dale, pinnar nr 5.   Det gjekk med ca 150 gram.
Knappane viser ikkje så godt på bildet-  men det er runde treknappar med eit hjarte i midten.  Vesten skal gjevast vekk i gåve til ein 4-åring.