25. august 2013

Gul nostalgi

Vogna mi frå barndomen vert leika med igjen, og eg likar å tru at den set pris på det. No er det snartfemåringen som fyller den snart førti år gamle vogna med dokker og bamser. Og dokker og bamsar treng sjølvsagt dyne! Dynetrekket er sydd av eit gamalt dynetrekk i passeleg retrostil.
Vogna fekk eg i julegåve i 1975 då eg var fire år, og eg meiner framleis at det er den finaste og beste julegåva eg nokon gong har fått.  Den er laga på Grepafabrikken i nabokommunen Ørsta, og er ein tru kopi av barnevognene som også vart laga der.
Både vognproduksjonen og fabrikken er historie no, diverre. EG brukte vogna mest til å frakte katten inne og ute. No passar eg på den som ein smed, og tillet bruk berre under strengt tilsyn:-) For eg er livredd for at vogna skal verte øydelagd.
Denne helga har vi forresten hatt fantastisk ver!








24. august 2013

Marius til Marius

Alle som heiter Marius bør ha minst eitt mariusstrikkaplagg. Det meiner i alle fall eg! Denne jakka var 40årsgåve til svoger Marius. Strikka i Smart frå Sandnes, str L.

27. juli 2013

Pingu-Marius


Er det slik at eg endeleg har funne mi rette hylle her i livet? Som produsent av strikkaklede til kosedyr....? Det kan nesten sjå slik ut, gitt. Denne gongen var det Pingu som ville ha Mariusgenser:-)

Eit nøste mørkeblått Rauma tretrådsgarn og smårestar kvitt og raudt gjekk med.  Og heldigvis hadde eg igjen to pingvinknappar!


25. juli 2013

Klutar

Eh, dette innlegget skulle handle om sommarens store produksjon av klutar...  Tradisjonen tru: eg hadde leita fram/kjøpt ein del bomullsgarn for å strikke oppvaskklutar i sommarferien.  Bomull er vanlegvis betre å strikke av enn ull på varme, klamme, heite sommardagar.   Så kva skjedde- kvifor sit eg her med berre TO klutar no når ferien er slutt.....? 
Vel, eg har altså strikka berre to klutar.  Ein oransje og ein turkis.  Mest fordi eg hadde nokre ullprosjekt eg ville ha ferdig og fordi det ikkje har vore varme, klamme, heite sommardagar. Regn og 10-12 grader har faktisk vore perfekt ullver! 
Men altså; to klutar vart det. 

24. juli 2013

Utanomjordisk Marius

 
Foto: Marie Flatin
Ein kjekk, liten fyr har fått ny jakke! E.T. er eit utanomjordisk vesen frå filmen med same namn, som hadde premiere i 1982.  Denne versjonen er eit kjært kosedyr for ein av tanteungane mine, som fint spurde om eg kunne strikke Mariusgenser til E.T.(Akkurat slikt som smeltar eit tantehjarte...)  Det viste seg å vere lettare å ordne ei jakke- pga det ekstremt store hovudet.( på E.T., altså:-))
Eit gamalt Heilo-nøste gjekk med, i tillegg til litt smårestar med raudt og kvitt. Og pingvinknappar i tre.
Litt varmt med ulljakke i solveggen, kanskje...?
Jakka er strikka på pinnar nr 3 i str S utanomjordisk vesen.

22. juli 2013

Resteteppe

Ein diger pose med restegarn, ei hytte på fjellet og mange strikkevillege sjeler.  Håpet er at dette ein gong vert eit varmt og godt teppe. På hytta, sjølvsagt.
Etter fleire tiår med strikking har det hopa seg opp ein del restegarn, for å seie det mildt. Ideen til restegarnsteppe fekk eg i boka Håndarbeider fra Hagen av Arne og Carlos. Enkelt: 250 maskar på rundpinne nr 3,5. To omgangar med ein farge, skift farge og strikk to nye omgangar. Skift farge. Hald fram til nøstet er slutt. Plukk vilkårleg eit nytt restenøste frå den store posen. Det er strengt forbode å planlegge fargeskifta, nemleg.
Tre generasjonar i to døgn på hytta gav resultat, men det må framleis strikkast masse for å fullføre prosjektet.  Både mamma, 9,5-åringen, 8-åringen og eg sjølv bidro.  Alt garnet er i ull og i alle andre fargar enn grått, svart, beige, kvitt og brunt- DEI har eg samla i ein eigen pose.  Som kanskje blir eit eige resteteppe ein gong...
Her og her kan du sjå andre som også strikkar/har strikka eit slikt teppe.

19. juli 2013

Marius til Sid


Har du sett Istid-filmane? Då har du garantert lagt merke til Sid, det klomsete dovendyret! I den norske versjonen er det Dagfinn Lyngbø som gir stemme til Sid. Åtteåringen har hatt stor sans for denne figuren sidan han såg den første filmen, så gleda var stor då han fekk eit Sid-kosedyr for nokre år sidan. Etter det har Sid vore med over alt: på overnatting, ferietur, båttur og på skule (der han hamna på taket og måtte hentast ned av rektor...).  
Han har det med å forsvinne og så dukke opp på dei raraste plassar. Til dømes her i salatslynga:

Vel, eg synest Sid fortener ein genser. Det Mariusliknande plagget er strikka av alpakkarestar, pinnar nr 3 i str xxs dovendyr.
Kva Sid meiner om genseren? Tja, han har som vanleg tommelen i veret, sjølv med berre eitt auge.