29. januar 2015

Interne vottar


Dette er vottar som ikkje gir meining for andre enn dei som jobbar på Avdeling for mediefag på Høgskulen i Volda.    Ein god kollega har denne veka siste arbeidsdag hos oss før eit års permisjon, og då fekk han desse vottane- slik at han skal hugse kvar han eigentleg høyrer heime:-)
Dette er framsidene. Amf står altså for Avdeling for mediefag.
På venstre underside strikka eg inn forkortingane for dei ulike studieemna avdelinga tilbyr. Td er DJM forkorting for Masterstudium i dokumentar og journalistikk, JOU betyr Journalistikk, MEV står for medievitenskap.
På høgre underside står namn på nokre tekniske program vedkomande har hatt ansvar for, td redigeringsprogram for radio og tv.
Vottane er strikka i Daletta på pinnar nr 2,5. 

22. januar 2015

Nordkappkofte (nesten)

Dette er historia om genseren som ikkje vart genser men jakke/kofte.
I utgangspunktet hadde eg altså tenkt å strikke ein genser i totråds merinoull frå Nøstebarn. Eg starta for godt over eit år sidan, men av ein eller annan grunn dalte motivasjonen.   I jula kom eg over det halvferdige prosjektet, og bestemte meg for å gjere den om til jakke i staden.  Valet fall på Nordkappkofta (modell nr 11 her).
Nordkappkofte er eigentleg strikka med raglan, men eg gjorde om til rundfelling- fordi eg pga tynnare garn hadde feil masketal.
Brota er strikka på pinnar nr 2,5, resten på pinnar nr 3. 
Botnfargen er brunfarge nr 808, medan mønsterfargane er som følgjer:
støvblå (859), oker (884), rust (823), naturbeige (811) og ein grønfarge eg ikkje hugsar nr på.
Eg måtte improvisere på mønsteret og dikte nokre ekstra mønsterborder for å få berestykket langt nok. Str L vart den visst til slutt.



21. januar 2015

Bukkane Bruse-vottar

Ser du trollet under brua og den største, mellomste og minste Bukken Bruse? I boka Votter fra eventyrskogen fann eg denne herlege oppskrifta.
Min versjon er strikka i totrådsgarn frå Nøstebarn og Ask frå Hillesvåg (det mørkerosa) på pinnar nr 2,5.  Str 4-6 år, cirka.
Eg brukte ni (!) ulike fargar, så det vart ein del trådendar å feste til slutt.
Tomlane skulle eigentleg ha ein rosafarge øvst, men eg følte det var nok med grønt og brunt.
Oppskrifta var godt forklart, men vottane var ganske tidkrevjande- fordi ein må følgje med på mønsteret heile tida og fordi det er såpass mange fargeskift.

25. desember 2014

Nøstebarndress


Eg er heldig, for eg har mange eg kan la strikkeiveren min "gå utover"!  Denne Nøstebarndressen fekk det yngste tantebarnet i julegåve.  Dressen er strikka i dobbelt totrådsgarn frå Nøstebarn (sjølvsagt) på pinnar nr 4,5.   For ikkje å gjere det heile for sukkersøtt med to rosafargar, putta eg inn ein fin grønfarge også. 


I staden for å sy maskinssaumar for å lage knappestolpar prøvde eg såkalla steeking for første gong. Det går kort fortalt ut på å hekle fastmaskeradar på kvar side av knappestolpen før ein klipper opp. 

Strikka etter str 9-12 mnd, men strikka den lengre både her og der- så dressen enda vel opp som 12-18 mnd str, tenkjer eg.

24. desember 2014

Storesøsterkjole


- Tante, kan du strikke rosa kjole til meg? Spørsmålet frå ein av tanteungane var til å smelte av! Sjølvsagt kunne eg strikke rosa kjole til henne:-)

Kjolen er strikka i merinoull frå Drops, og mønsteret er laga av Tora Frøseth: 
http://www.torafrosethdesign.no/Kjoletilstoresoester.html

Eg følgde str 2 år og brukte pinnar nr 3,5.


20. desember 2014

Resterillegenser



Det verste med desember er det dårlege dagslyset. Difor vart det nokre smådårlege innebilde av denne rillegenseren. Genseren er strikka av ulike restar alpakkagarn, og skal passe ein 4-åring.

Eg strikka heile genseren på pinnar nr 3,5. Fargesamansettinga kan sikkert diskuterast, men genseren vart i alle fall utruleg mjuk!


6. desember 2014

Bløde, røde blade

Sjølv med ulltunika: det er ikkje så lett å halde varmen i den kalde desembervinden på Sunnmøre!
  
Denne fantastisk fine oppskrifta er ifrå boka Børnestrik på pinde 3,5 av Lene Holme Samsøe.  Den heiter Bløde blade, og kan strikkast både som genser og tunika.
Eg strikka str 8 år til 6-åringen min, og brukte nøyaktig 200 gram totrådsgarn frå Nøstebarn. Fargen er raud nr 824, og eg strikka med dobbelt garn på pinnar nummer 3,5.
Mottakaren har valt knapp själv, ho meinte denne passa väldig bra. Og det er eg samd i, gitt.
Kjolen fekk vere med på fotosession på kjøpesenteret, men det er vanskeleg å få fram rett farge både i ute- og innelys.
Skikkeleg juleraud tunika/kjole.


Brrrrrrrr!!