21. mars 2016

Hoppvottar

For eit par år sidan var eg med i ein konkurranse om å designe ein Holmenkollvott. Det kan du lese om her:http://lindeik.blogspot.no/2014_01_01_archive.html
Eg vann ikkje, og gløymde eigentleg heile votten.  Men for nokre veker sidan fekk eg telefon frå ein svært hoppinteressert mann på Austlandet, som hadde forelska seg heilt i mønsteret mitt.  Han lurte på om eg kunne strikke eitt og kanskje to par slike vottar til han. No er det første paret ferdig og på veg til mottakaren. Eg kryssar fingrane for at dei passar!
Vottane er strikka av Rauma finull på pinnar nr 2,5.  Mønsteret har stor detaljrikdom, så sjølv med så tynne pinnar skal desse passe ei herrehand.  På tomlane står det Oslo, kransa av raude hjarte, og potesporet kjem sjølvsagt frå bikkja i bakken. På framsida ser du ein hoppar, snø og fire stilkarakterar.

20. mars 2016

To par mariusvottar

Ei helg = to par tova mariusvottar. Begge er strikka av Fritidsgarn på pinnar nr 6. Paret til venstre er strikka etter største str, medan paret til høgre er strikka etter den minste str. Oppskrifta finn du her.





5. mars 2016

Regnbogelue (i alle fall starten på ein regnboge..)


Mottakaren av denne regnbogekjolen ville gjerne ha ei matchande lue. Resultatet vart altså denne lua.
Lua er strikka i grå DROPS baby merino og regnbogefarga Kauni. Eg kom ikkje så langt i fargeskifta, naturleg nok.   Vrangborda er strikka på pinnar nr 2,5, resten på pinnar nr 3

21. februar 2016

Ein heil regnboge

Etter at eg la ut dette blogginnlegget for tre veker sidan, fekk eg bestilling på ein slik regnbogekjole.  No er bestillingsverket ferdig og avfotografert i nyvaska tilstand i surt vinterver.
Det grå er Sisu, medan Kauni står for dei fine regnbogefargane.
Det gjekk med nesten 200 gram Sisu og ca 75 gram (eit halvt nøste) Kauni.  Eg strikka på pinnar nr 3,5 og strikka frå halsen og ned.
Eg har ikkje oppskrift til kjolen, så eg strikkar berre på gefühlen.  Kjolen er sånn cirka i str 10 år.

20. februar 2016

Snøløvvottar igjen


Like men likevel ulike.  Vottepara er strikka av same garn (Fritidsgarn frå Sandnes) og med same mønsterbord (Snøløv).  
Dei beige og brune vottane ber preg av å ha vore på leirskule på Dombås i fem dagar.
Dei kvite og rosa er heilt ubrukte.
Strikka på pinnar nr 6 og tova på førti grader.

14. februar 2016

Marygenser

Betre seint enn aldri: denne genseren skal systera mi få, som ei svært forseinka 35-årsgåve.  Ho har sjølv valt mønster, som altså er den kjempefine Marygenseren.  Eg har strikka den i Drops Air på pinnar nr 4,5 og 5.




6. februar 2016

Snøløvvottar


Kjekt med variasjon!  Mønsteret til desse vottane fekk eg inspirasjon til då eg strikka snøløvgenseren no nyleg.  
Det er Marianne Bjerkman som har designa det fine mønsteret, som kan kjøpast her.
Vottane er strikka i Fritidsgarn frå Sandnes på pinnar nummer 6. Dei er tova på førti grader.