To trøytte morgontryne i løvekjolar:-) Kjolane er sydd i brun velour/chenille og løvestoff i stretchjersey, begge frå Stoff&Stil.
Jentekjolen er sydd etter eige hovud, veldig enkel modell med strikk i ermar og krage. Romsleg modell som kan brukast lenge.
Vaksenkjolen er sydd etter mønster frå boka Made by me, der Klinkekult har bidrege med Sukkertøykjolen. Str L, men den vart eigentleg litt for stor. Neste gong kan eg trygt ta inn nokre cm i sidene.
Tarzan fekk ikkje kjole, men ville som vanleg vere med på bilde:-)